Det er naturleg å vere menneske - funderingar og ferdaminne,vegen til Geiranger

SEPTEMBERSONG

Eg heng fast i fortida. Til så lenge heng eg fast

i fortida. Eg heng fast i sommaren og minnest

framleis å vere brun på armane, i panna, på kinna

og nedover halsen. Morgonane ser eg det i spegelen

utover i september. Morgonane ser eg huda bleikne

utover i september. Utover i september bleiknar minnet

og ved juletider er eg kvit, ikkje som snø, likevel vinterkvit.

Det er naturleg å vere menneske. Vegen til Geiranger er ei vandring i fotefar frå barndom og ungdom. I denne boka har erindringa og minnet ein sentral plass, saman med eit aldri kvilande medvit om den nådelause tidas gang - om tilkomst, forandring og forsvinning.