Velkommen til nye forfattersentrum.no!

Hurra! Norsk Forfattersentrum har fått ny nettside. Den nye nettsida skal synleggjere medlemmene våre endå betre, og gjere livet enklare for deg som invitere forfattarar til ulike oppdrag.

Smilande dagleg leiar i Norsk Forfattersentrum, Ingvild Christine Herzog, ynskjer velkommen til ny heimeside. Foto: Lillian Hjellum.

Finn ein forfattar!

Den nye nettsida skal gjere det lettare å finne rett forfattar til ulike oppdrag. Forfattarkatalogen blir nå ein integrert del av nettsida, her finn du informasjon om alle dei over 1800 medlemmene våre, og moglegheit til å kontakte dei. I forfattarkatalogen kan du søke på forfattarnamn, boktitlar og tema. Inne på forfattarsidene i katalogen kan du, ved å trykke på eit tema i temaoversikta, få opp andre forfattarar som tek på seg oppdrag innan same tema. Vi har òg ein stor base med litterære produksjonar og foredrag som kan bestillast.

«Mine sider» for forfattarar

Øvst på nettsida finn du knappen «Mine sider». Målet med «Mine sider» er at medlemmene våre skal få full oversikt over oppdraga som er bestilt gjennom Norsk Forfattersentrum. Vi har ikkje begynt å leggje inn oppdrag her ennå. Men vi ynskjer at medlemmene gjer seg klare til å bruke «Mine sider» ved å opprette ein brukar. På sikt skal du som medlem også ferdigmelde oppdraga dine på «Mine sider» i ein enkel steg for steg gjennomgang, der du registrerer godtgjering for diett og reiseutgifter, før du godkjenner oppdraget for utbetaling. Saman med utviklaren WeMade gjer vi alt vi kan for at «Mine sider» skal bli nyttige og enkle å bruke.

Er du medlem i Norsk Forfattersentrum? Her finn du info om korleis du registrerer deg som brukar på «Mine sider»!

«Mine sider» for oppdragsgivarar

Til hausten lanserer vi òg «Mine sider» for oppdragsgivarar. Målet er det same som for forfattarane: Oversikt over kommande oppdrag. Spesielt for store arrangørarar håpar vi dette blir ei svært nyttig nyvinning. Når alle nettløysingane kjem på plass, ser vi fram til å tilby ein effektiv og ryddig prosess med bestilling, avtaleinngåing og fakturering av forfattaroppdraga.

Finn du ikkje fram?

Klikk på menyen øvst til høgre! Den nye nettsida er strukturert med ein ryddig meny sortert på dei fire målgruppene våre: forfattarar, oppdragsgivarar, publikum og media. I menyen finn du òg fram til avdelingskontora sine eigne sider, med lokale nyheiter og arrangement i nærleiken av deg.  

Vi gler oss til å ta i bruk den nye nettsida og håpar du liker ho!

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.