Medlemsinfo: Opprett brukar på «Mine sider»

Norsk Forfattersentrum har fått nye nettsider med «Mine sider» for forfattarar. Her finn du ei oppskrift til medlemmene våre som skal opprette ein ny brukar.

Bakgrunnsfotoet er teke av Ben Kolde, Unsplash.
  1. Klikk på «Mine sider» i hovudmenyen her på forfattersentrum.no, eller gå direkte til portal.forfattersentrum.no.
  2. Klikk på knappen «Opprett ny brukar».
  3. Fyll inn e-postadresse og ønska passord.
    Her er det veldig viktig at du bruker e-postadressa som er registrert hos oss. Alle andre e-postadresser vil bli nekta tilgang. Triks: Har du mange e-postadresser, og er usikker på kva adresse vi har registrert på deg, kan du gå inn på forfattarsida di i Forfattarkatalogen og sende deg sjølv ein e-post. Då får du samtidig testa at kontaktskjemaet ditt fungerer! E-posten kontaktskjemaet blir sendt til, er den du skal bruke når du registrerer deg på «Mine sider». Forfattarkatalogen finn du her!
  4. Trykk på knappen «Opprett brukar». Sjekk e-posten din: Du får nå tilsendt ein e-post der du blir bede om å stadfeste at det er du som har prøvd å opprette ein brukar. Sjekk eventuelt søppelpost/spam-filteret dersom du ikkje får e-posten. E-posten kjem frå adressa noreply@wm-xrm.firebaseapp.com og har emnet «Bekreft e-postadressen din for Pointer XRM».
  5. Trykk på stadfestingslenka i e-posten.
    Får du beskjed om at e-postadressa ikkje finst i systemet, kontaktar du oss på e-postadressa norsk@forfattersentrum.no, slik at vi kan finne ut kva som luggar.
  6. Når du har stadfesta e-postadressa di ved å trykke på lenka i e-posten, kan du logge inn på «Mine sider» med passordet du sjølv har registrert.

Vi fasar inn oppdrag på «Mine sider» gradvis

Foreløpig er det ingen oppdrag lagt inn på «Mine sider». Dette gjeld også deg som har kommande oppdrag. Så snart vi legg inn oppdraga dine på «Mine sider», vil du få beskjed frå oss.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.