Takk Gunnhild Øyehaug!

For to heilt fantastiske dagar under Dei Litterære Festspela 2026

Foto: Eva Lene Gilje Østensen

Og, takk til Amina Cain, Samanta Schweblin, Bjørn C. Wiedlocha Aagenæs, Johan Harstad, Julia Aagenæs Wiedlocha, Anna Kleiva, Tiril Broch Aakre, Steinar Opstad og Marie Lundquist for dei gode samtalene og dei nydelege opplesingane.

Festspeldiktaren inviterte tilsamtale med Amina Cain (USA) og Samanta Schweblin (Argentina). Eit unikt møte mellom tre forfattarar frå tre kontinent, som handla om noveller, romanar, om å skrive og lese, om å følgje reglar og om å utfordre dei. Leia av Julia Aagenæs Wiedlocha. Foto: Eva Lene Gilje Østensen
Johan Harstad intervjua Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug; det blei eit uformelt møte med Festspeldiktaren og forfattarskapen hennar. Foto: Eva Lene Gilje Østensen

Her finn du alt om Dei Litterære Festpela

Gjekk du glipp av årets arrangement? Meld deg på nyheitsbrevet vårt så får du melding når vi annonserar Festspeldiktaren neste år.

Dei Litterære Festspela blir arrangert i samarbeid med og med støtte frå Bergen kommune, Norli Strandgaten, Festspillene i Bergen, Vestland fylkeskommune, Fritt Ord, Kolon forlag og Litteraturhuset i Bergen.

Spørsmål til saken

Kontakt:

Sissel Kristensen