NTNU sin litteraturpris 2026 går til Marit Beate Kasin

Norsk Forfattersentrum gratulerer Marit Beate Kasin med NTNU sin litteraturpris!

Foto: Tonje Lien Wold/Res Publica

«Om alle berre skal lese éi bok om klimakrisa, burde det vere denne». Juryen for NTNUs litteraturpris er samstemte i sin konklusjon om Kasins litterære perle «Naturparadokset: Om naturen vi mister og hvordan vi kan få den tilbake»:

– Kasins bok er velskriven, utruleg veldokumentert og godt gjennomarbeidd. Forfattaren viser konkrete døme frå ulike delar av Noreg og varierer mellom avslørande skildringar og faglege diskusjonar. Vi les mellom anna om ein hyttedraum som har vorte marerittet for naturen, villrein utan villmark og arealkampar i nord.

Det skriv juryen i si grunngiving om verket dei trur vil bli igjen med lesaren lenge etter at boka er ferdig lese.

Tildelinga av NTNUs litteraturpris skjer 21. november kl. 12:00 på Litteraturhuset i Trondheim. Arrangementet er opent for alle.

Prisen er på 20 000 NOK, og delast i år ut for tiande gong.

Formålet med NTNU Litteraturpris er å anerkjenne eit norskspråkleg, skjønnlitterært eller faglitterært verk skrive av ein nolevande forfattar med tilknyting til Trøndelag, Innlandet eller Møre og Romsdal. Siri Aurland Bredesen har vore Norsk Forfattersentrum sin juryrepresentant

‍

No items found.

Medlemmer som er nemnde i denne saka