
Her ser du kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery på besøk hos Sporveien for å vere med på forfattarbesøk med Zeshan Shakar i regi av prosjektet Leseløft i arbeidslivet. Jaffery skal truleg vere i førarsetet når regjeringa no går i gang med arbeidet med ein leselyststrategi også for vaksne, men får Norsk Forfattersentrum det som vi vil, får ho med seg alle dei andre departementa på det litterære løftet. Strategien regjeringa utarbeider, bør dessutan ha som mål, ikkje berre å vekke leselyst, men skape ein sterk lesekultur i heile landet.
Svake leseferdigheiter
For å etablere ein sterk lesekultur blant alle nordmenn i alle aldrar i heile landet, må fleire vanskelege utfordringar løysast. I innspelet vårt skriv vi at den største utfordringa truleg blir å inkludere dei med lågast leseevne:
Mange vaksne i Norge har så svake leseferdigheiter at dei strevar med å forstå enkle tekstar. Ifølgje PIAAC2 (2024) les 15 % av den norske vaksne befolkninga på nivå 1 eller lågare. For dei som står utanfor arbeidsliv og skule er talet 24 %. Svak leseevne medverkar til utanforskap og er ein trussel mot helse, eigenmakt og demokrati. Auka leseevne vil betre levevilkåra og livskvaliteten, og auke inkludering i arbeidsliv og samfunn.
Konsentrasjonsevna er trua
Ei anna utfordring er innverknaden tek-gigantar og store digitale plattformer har på liva våre, ikkje minst evna til konsentrasjon. KI legg også nye premiss. I tillegg til å utfordre opphavsretten, skapar KI desinformasjon som kan manipulere og forstyrre det sosiale livet.
Auka klasseskilje
Låg leseevne og konsentrasjonsevne, kan også føre til eit enda større klasseskilje i samfunnet. Lesevanar arvar ein både frå venner, miljøet rundt seg og frå familien. Dette blir sjølvforsterkande dynamikkar. Utanforskap fører ofte til manglande tillit til det offentlege. For å oppnå høg tillit mellom folket og styresmaktene, er det avgjerande med ei levande og inkluderande offentlegheit.
Medisinen

Men kva er så «medisinen»?
– Satsinga på lesekultur må vere varig, og integrerast i alle samfunnsplanar, krev nestleiar i Norsk Forfattersentrum, Sissel Kristensen. Les intervjuet med Kristensen her.
– Skal vi etablere ein sterk lesekultur i heile landet, må regjeringa ta i bruk arenaene der flest mogleg er til stade, seir dagleg leiar for Norsk Forfattersentrum, Ingvild Christine Herzog, og peikar på arbeidslivet og NAV. Les intervjuet med Herzog her.
- Heile innspelet frå Norsk Forfattersentrum til regjeringa, finn du på regjeringen.no.
- Følg også gjerne Norsk Forfattersentrum på Facebook og Instagram der vi dei neste dagane løftar fram sider ved lesekulturarbeidet vi meiner må prioriterast.
Og forresten: Vil du ha forfattarbesøk på jobben? Sjå her!





