Etter press frå blant anna Norsk Forfattersentrum, lova regjeringa i fjor endeleg ein lesestrategi også for vaksne. No har fristen for å sende innspel til strategiarbeidet gått ut, og eit samla litteraturfelt ser fram til konkrete tiltak frå fleire departement.
Høge forventingar

Nestleiar i Norsk Forfattersentrum, Sissel Kristensen, er krystallklar når ho får spørsmål om kva Forfattersentrum forventar seg av regjeringa:
– Lesesatsingar i Norge har tradisjonelt vore svært kampanjeprega, og sjølv om det er fint og flott med til dømes nasjonale bokår, må det denne gongen vere snakk om varige tiltak som vil påverke alle i Norge i alle aldrar. Skal vi verkeleg etablere ein sterk lesekultur i heile landet, må lesing vere ein del av arbeidet med alle samfunnsplanar, slik til dømes mangfald og berekraft har blitt det.
– Er lesing verkeleg SÅ viktig?
– Ja! I innspelet til regjeringa sitt leseløft, viser vi til dømes til Bente Irene Løkken si doktorgradsavhandling om Helseundersøkelsen i Trøndelag. I avhandlinga kjem det blant anna fram at dei som deltek i kulturelle aktivitetar har lågare dødelegheit, og at menn som deltek i kulturelle aktivitetar, har færre fastlegekonsultasjonar. Dei aller fleste arbeidsoppgåver i arbeidslivet krev også på eit eller anna nivå at ein kan lese.
Alle må med
Kristensen understrekar at dette arbeidet ikkje berre kan vere ei sak for Utdanningsdepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet, men at lesing må vere viktig på alle område av samfunnsplanlegginga:
– Som vi skriv i innspelet vårt, vil den største utfordringa i eit leseløft bli å inkludere dei med lågast leseevne. Mange vaksne i Norge har så svake leseferdigheiter at dei strevar med å forstå enkle tekstar. Då seier det seg sjølv at ei rekke andre departement også må på bana, og at alle delar av samfunnet må få ansvar.
Tiltak
Blant dei konkrekte tiltaka Norsk Forfattersentrum foreslår for å involvere større deler av samfunnet i lesesatsinga, finn vi følgande punkt:
- På tilsvarande måte som offentlege tilsegnsbrev stiller krav om berekraft, mangfald og tilgjengelegheit, kan det stillast krav om at institusjonar tilrettelegg for auka leseevne hjå tilsette.
- Utvikle lese- og skrivekurs i samarbeid med NAV. Kursa kan inngå som ein del av tilbodet til dei lokale NAV-kontora.
- Lesetiltak i fengslar med forfattarbesøk, lese- og skrivestimulerande kurs og anna.
- Informere om lesing og litterære tilbod gjennom helsestasjonar og helsevesen.
- Barnebokpresentasjonar for småbarnsforeldre, dette kan f.eks. vera ein del av eit foreldremøte eller foreldrekaffe i barnehagane.
- Kurs for tilsette i barnehagen, slik at dei kan bli tryggare på høgtlesing og korleis dei kan støtte ungane si lokale dialekt og målform.
- Forfattarmøte i barnehagar og på skuler, der ein forfattar presenterer vaksenbøker til dei tilsette.
- Lesesertifiserte arbeidsplassar: Utvikle lesepakker i samarbeid med private og offentlege arbeidsplassar. I dette inngår forfattarbesøk, arbeidsplassbibliotek og lesesirklar. Tilboda må tilpassast lokale forhold, og ein må bruke forfattarar som passar inn.
Les også
- Må ha arbeidslivet med på laget
- Heile innspelet frå Norsk Forfattersentrum til regjeringa
- Forfatterbesøk på jobben?
Følg også gjerne Norsk Forfattersentrum på Facebook og Instagram der vi dei neste dagane løftar fram sider ved lesekulturarbeidet vi meiner må prioriterast.






