Kunstnarisk program | Bransje, litteratur og utvikling (BLU) 2026

Om familie, liv og litteratur. Med Marte Michelet og Ida Hegazi Høyer, Tore Renberg og Petra Renberg, Linn Ullman, Kaja Schjerven Mollerin, Lotte Konow Lund og Ragnar Misje Bergem.

Kunstnarisk program | Bransje, litteratur og utvikling (BLU) 2026

Onsdag 25. november | Litteraturhuset i Oslo kl. 18.30–22.00
Inngang: kr 250

Min far er sterkare enn din

Marte Michelet og Ida Hegazi Høyer i samtale om fedrar.

To forfattarar med vidt ulike erfaringar møtest til ei samtale om fedrar, farskap og familieband. Kven var desse fedrane, på godt og vondt? Kva tek vi med oss frå oppveksten, og kva ansvar har vi som barn?

Gjennom personlege forteljingar og litterære refleksjonar utforskar dei kjærleik, svik, nærleik og avstand.

Et livsforsøk

‍Tore Renberg i samtale med dottera Petra Renberg. Om romanfiguren Agate Mildem frå «Et Livsforsøk» og livet hennar gjennom nesten 50 år.

Agate er adoptert frå India og veks opp i Stavanger på 1970- og 80-talet. Ho er vakker, skarp og kompromisslaus. Ho elskar mannen sin, men lengtar etter ein annan. Ho er både lojal og sårande, trygg og uroleg. Full av motsetnader er Agate eit menneske mange vil kjenne seg att i.

Verda forsvinn

Linn Ullman inviterer forfattarkollegaer til knytkalas 2026. Med Kaja Schjerven Mollerin, Lotte Konow Lund og Ragnar Misje Bergem.

Artar og landskap forsvinn, demokratiske institusjonar blir trua, merksemda og fellesskapa våre er under press, og måten vi lever, tenkjer og vel på i kvardagen, blir utfordra av algoritmar og kunstig intelligens.

Linn Ullmann har invitert tre forfattarar – ein kritikar, ein teolog og ein bildekunstnar – til ei samtale om litteratur og forsvinning, om å lese, leve og skrive, om å miste og leite.

Knytkalas er svensk for spleiselag. Alle gjestane tek med seg ein rett eller to til det dekka bordet. Til dette knytkalaset tek gjestane med seg – ikkje ein rett – men eit politisk, personleg eller kunstnarisk bidrag. Det kan vere kva som helst: eit dikt, eit bilde, ein song, ei preike, eit manifest, ein gjenstand. Og apropos forsvinning: Alle tre vil bli bedne om å tenkje høgt rundt spørsmåla: Kva har du mista? Kva leiter du etter? Eller: Kva har vi mista? Kva leiter vi etter?

‍
Arrangementet er ein del av seminaret Bransje, litteratur og utvikling (BLU) 2026 - og er ope for publikum.
Arrangør: Norsk ForfattersentrumStøtta av: Kopinor, Fritt Ord og Den norske Forleggerforening

Foto: Agnete Brun (Marte Michelet), Oda Berby (Ida Hegazi Høyer), Tommy Ellingsen (Tore Renberg), Alexsandra Ree (Petra Renberg), Kristin Svanæs-Soot (Linn Ullman), Julie Pike (Kaja Schjerven Mollerin), Ellen Lande Gossner (Lotte Konow Lund) og MF Vitenskapelig høyskole (Ragnar Misje Bergem).

‍