Norsk Forfattersentrum inviterer til bransjeseminar i Bergen

Målet er å skape ein arena der heile litteraurbranjen kan møtast.

Marit Eikemo er hyra inn som prosjektleiar for BLU – Bransjeseminar, litteratur og utvikling. Foto: Agnete Brun

Norsk Forfattersentrum vil etablere eit bransjeseminar for litteraturfeltet. Vi har fått støtte til å realisere ein pilot i februar 2025. Målet er å arrangere det første ordinære seminaret i Oslo i november i 2026, i dagane opp mot Brageprisutdelinga.

Bransjen står overfor store utfordringar. Nye digitale verdikjeder, kunstig intelligens, plattformbaserte tenester, internasjonalisering, nye maktkonstellasjonar og maktforskyvingar er døme på endringar i feltet. Endringane vil krevje nye måtar å arbeide med distribusjon og formidling av litteratur. Samtidig som bransjen på mange måtar er råka av uvisse, meiner vi det er viktig å løfte fram dei moglegheitene endringane gjev. Kan vi tenkje nytt og visjonært rundt fastgrodde mønster?

Vi håpar du og kollegaene dine vil ta turen til Bergen 6.–7. februar! Piloten blir arrangert samtidig som Bergen Internasjonale litteraturfestival. Festivalen tilbyr hyggelege prisar til deltakarane.

Programmet finn du her.