I 2027 deler Norsk Forfattersentrum ut Wergelands åre for fjortande gong. Prisen skal gå til ein lyrikar, personar eller institusjonar som har bidrege til forståing, formidling og synleggjering av poesi. Vi inviterer medlemmane våre til å peika på gode kandidatar som har vist framifrå evne til å formidla poesi.
Prisen på kr. 15 000,- blir delt ut 16. april 2027 i samband med Norsk Forfattersentrums årsmøte.
Ein jury frå administrasjonen og styret vil kåra ein vinnar.
Tidlegare vinnarar

1997: Turid Birkeland
1999: Oslo Sporveier – dikt underveis
2001: Dagbladet – diktbasen
2003: Volapük
2005: Erling Kittelsen
2008: Jan Erik Vold
2012: Hanne Bramness
2014: Diktafon ved Annelita Meinich
2016: Helge Torvund
2018: Poesibilen ved Ted Granlund, Endre Ruset og Joakim Kjørsvik
2022: Poesidigg ved Henning Bergsvåg
2023: Martine Næss Johansen og Guro Sibeko
2025: Martin Sørhaug/House of Foundation
Har du eit forslag?
Send inn ei kort og motivert grunngjeving innan 15. november 2026 til eirik@forfattersentrum.no. Vi har tidlegare fått mange gode forslag som ikkje nådde heilt opp. Minn oss gjerne igjen på gode kandidatar sjølv om du har gjort det før!
Spørsmål til saken
Kontakt:
Eirik Ingebrigtsen
















