På jakt etter ein Anne Carson-kjennar?

Anne Carson vart i dag tildelt Nobelprisen i litteratur. Tone Hødnebø har omsett fleire av bøkene hennar til norsk.

Ill. Niklas Elmehed © Nobel Prize Outreach

Det er Kolon forlag som gir ut bøkene til Anne Carson på norsk. Forlaget har også gitt ut ein antologi der Hødnebø saman med Pedro Carmona-Alvarez, Øyvind Berg, Simen Hagerup, Karin Nygård, Jørn H. Sværen og Bjørn C. W. Aagenæs har omsett "essays, dikt og  noen mer prosapoetiske partier" signert den ferske nobelprisvinnaren.

Ida Lødemel Tvedt har også skrive essay om Anne Carson for Klassekampen, og då Linn Ullmann var festspeldiktar på De Litterære Festspill i regi av Norsk Forfattersentrum Vestlandet, var nobelprisvinnaren sjølv gjest på programmet!

Spørsmål til saken

Kontakt:

Atle Berge