
Norsk Forfattersentrum er den einaste skribentorganisasjonen som samlar sakprosaforfattarar og skjønnlitterære forfattarar, uavhengig av om dei skriv for barn, ungdom eller vaksne, minner Herzog om.
– Vi er også den einaste skribentorganisasjonen med kontor spreidd over heile landet.
På jakt etter ein forfattar til eit oppdrag?
Medlemmene i Norsk Forfattersentrum er alle forfattarar som tilbyr foredrag, opplesingar, bokbad, skrivekurs og mykje meir. Du finn dei i Forfatterkatalogen her på forfattersentrum.no.
Mange av medlemmene har også ferdig utvikla foredrag og meir omfattande litterære produksjonar arrangørar kan bestille.
Eigne arrangement
Norsk Forfattersentrum arrangerer også eigne arrangement og skrivekurs. Dei største prosjekta er Dei litterærefestspela, Æ Å Trondheim litteraturfestival, Fakta om fiksjon, Litterært springbrett og Litteraten.
Om Norsk Forfattersentrum
Norsk Forfattersentrum vart etablert i 1968 for å skape kontakt mellom forfattarar og publikum og å sikre forfattarane honorar for oppdraga. Vi yter service til forfattarar, oppdragsgivarar og publikum i heile landet, og bidreg til profesjonalisering av forfattarane gjennom kurs og rådgiving. Vi arbeider også politisk for å styrkeforfattarøkonomien.