– Større enn å bli nyttårsbarn i lokalavisa

Møt Maria Lavik, medlem nummer 2000 i Norsk Forfattersentrum.

Maria Lavik fotografert i Trondheim av Norsk Forfattersentrums Guri Sørumgård Botheim.

Då vi kontakta journalist og sakprosaforfattar Maria Lavik for å fortelje henne at ho er Norsk Forfattersentrums medlem nummer 2000, kom svaret lynkjapt: «Dette er jo større enn å bli nyttårsbarn i lokalavisa!»

I dette intervjuet under fortel Lavik blant anna om kva ho meiner kjenneteiknar dei beste arrangørane av litterære arrangement og kva som er drøymeoppdraget hennar.

Maria Lavik debuterte med sakprosautgivinga Vi, dei fattige: åtte forteljingar om barnefattigdom på Det Norske Samlaget i 2021. Tre år seinare følgde ho opp med Odelsskam: å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar på same forlag.

Fattigdom og odel

– La oss gå rett på litteraturen din. Du har skrive bøker om fattigdom og om odel. Det er ved første augekast to ganske ulike tema du har skrive om.

– Ja, bøkene er ganske forskjellige, men kanskje også litt like. Vi, dei fattige starta med at eg såg ein graf over tal på barn som lever i familiar med dårleg råd. Grafen gjekk rett opp, og eg tenkte at her er det mange viktige forteljingar. Så eg leitte og fann fram til åtte familiar som ønska å fortelja. Største delen av boka er basert på deira liv. Odelsskam starta med eit meir personleg spørsmål: Skal eg ta over garden som har vore i familien sidan 1600-talet? Den er meir personleg og fri i forma, men eg tenker begge bøkene handlar om ting som er tabu, litt på utsida, med fortellingar som ikkje ofte kjem fram.

– Har du med desse to bøkene, og måten dei løftar kvar sine viktige tema, funne din skrivemåte og metode?

– Det får kanskje lesaren finna ut av. Men eg synest det har vore interessant å skriva to sakprosabøker som er såpass forskjellige i metode, språk og stil.

Ikkje litterær skjørbuk

Maria Lavik vaks opp som odelsjente i Eksingedalen, men sa frå seg odelen og flytta til Oslo. Foto: Privat

Lavik har som svært mange av medlemmene til Norsk Forfattersentrum flytta frå bygda til Oslo. I skrivande stund bur 808 av Norsk Forfattersentrums 2016 medlemmer i hovudstaden, men Lavik fortel at det ikkje var eit stort litterært miljø som lokka henne austover:

– Flyttinga mi er nok mest eit resultat av den generelle forventinga om at skuleflinke jenter skulle ut og ta ei utdanning. Eg er ikkje blitt del av noko stor forfattar-klikk her i Oslo, men er open for det, så ta gjerne kontakt!

– Fanst det i det heile tatt eit litterært miljø i Eksingedalen?

–  Eg opplever at litteraturen alltid har stått sterkt i Eksingedalen. Bokhyllene til besten bugna av alt frå politiske biografiar til klassikarane. På 1800-talet kjøpte bøndene i dalen inn bøker som dei las og sende på rundgang og diskuterte på bokkveldar. Så eg har ikkje stukke frå dalen på grunn av litterær skjørbuk. Om eg hadde blitt verande, hadde eg kanskje blitt Eksingedalens svar på Agnes Ravatn. Eg hadde levd tettare på andre typar liv og livsvilkår som kunne gjeve andre typar historier.

Dei beste arrangørane

Laviks forfattarportrett. Foto: Tove K. Breistein

Maria Lavik debuterte altså i 2020, og har allereie fem års erfaring med å formidle litteraturen sin på arrangement og festivalar. Ho har fleire tips til både ferske kollegaer og oppdragsgivarar:

– Eg har lært at det beste er å prøva å snakka nedpå og konkret når eg er med i panel, og lytta til det dei andre seier. Då kan det bli morosame samtalar som gjev noko meir og nytt enn å berre lesa boka. Så merker eg at dei beste arrangørane ofte har ein klar vilje med å invitera meg. Altså når eg ikkje berre skal fylla ei flate, men dei som inviterer, sjølve er engasjert i temaa eg skriv om.

– Er det arrangement eller festivalar du har sett spesielt pris på å delta på?

– Det kjendest litt som å koma heim å få vera med på Garborgdagar på Jæren. Der var det mange fine folk med florsstøvlane på. No sist var eg med på Bjørnsonfestivalen i Molde, veldig fint og proft opplegg som fekk med mange frå lokalsamfunnet.

Drøymeoppdraget

Maria Lavik på scena til Litteraturhuset i Trondheim i oktober 2025. Foto: Marit Sørumgård

– Dersom ein arrangør tar kontakt og vil gi deg drøymeoppdraget ditt, kva hadde det gått ut på?

– Eg har ein vag draum om eit fullpakke-opplegg om odelsskam med folkemusikk, quiz, psykolog, jurist, historikar – ein god bukett folk som kan snakka om korleis gje slepp på ein gard frå ulike perspektiv.

– Ved sida av å skrive bøkene, jobbar du som journalist for Vårt land. Korleis balanserer du forfattarlivet med journalistikken, både reint praktisk og mentalt?

– Første boka skreiv eg medan eg var frilansar. Odelsskam skreiv eg i permisjon, eg er heldig som har ein fleksibel arbeidsgjevar. Eg er veldig glad i å veksla mellom langsiktige prosjekt der eg jobbar for meg sjølv, og å jobba som journalist med korte tidsfristar, mykje som skjer, og med gode kollegaer.

– Har du nye bokprosjekt på gang?

– Eg har fått sett av tid til å få skriva meir i 2026, men det er tidleg i prosessen. Send gjerne tips!

Spørsmål til saken

Kontakt:

Atle Berge

Medlemmer som er nemnde i denne saka