Om skriving og landskap

Kva skjer når forfattarar og skribentar forsvinn frå bygdene?

Foto: Guri Sørumgård Botheim

Atle Berge og Guri Sørumgård Botheim i Norsk Forfattersentrum har skrive ein kronikk om landskap og skriving. Kronikken er òg publisert i Nationen.

Regjeringa har varsla ei omfattande lesesatsing for vaksne. For at alle lesarar skal ha tilgang til bøker som inspirerer og utfordrar, treng vi forfattarar som bruker orda, historiene og kunnskapane som knyter seg til kulturar og landskap i heile landet.

Kraftig sentralisering har endra landet vårt dei siste 100 åra. I dag bur 83 % av befolkninga i byar og tettbygde strøk. Høg økonomisk vekst i byane bidreg til jobbmotiverte flyttingar. Dei som blir att på bygda, opplever i følgje SSB ei forvitring av lokalmiljøet.

Hjerneflukta frå bygdene er enorm, også blant forfattarane.

Norsk Forfattersentrum har sett på kvar dei over 2000 medlemmane våre bur. Om vi tenkjer på forfattarane som representantar for landskapet, er Oslo fylket med høgast tettleik av forfattarar, med nesten 2 medlemmar per kvadratkilometer. Finnmark har færrast, med berre 6 medlemmar per 10 000 kvadratkilometer. Nordland er på nest siste plass, med 8 medlemmar per 10 000 kvadratkilometer.

‍

Det er ikkje berre i nasjonal, men òg i regional målestokk at forfattarane bur sentralisert. Av 65 medlemmar i Troms bur så mange som 49 i Tromsø. Av 134 medlemmar i Trøndelag bur 109 i Trondheim. I tradisjonelt kultursterke Gudbrandsdalen, Valdres og Setesdal har vi berre to medlemmar i kvar dal.

Sjølvsagt har sentraliseringa konsekvensar.

Basal naturkunnskap og kulturkunnskap forsvinn og gjer landet vårt mindre motstandsdyktig mot kriser. Yrkeserfaringar og livserfaringar knytt til rurale landskap og havet står i fare for å bli underrepresentert.

Bygdekulturar og samiske kulturar ber for eksempel på kunnskapar om arealforvaltning, berekraftig levemåte og audmjukheit overfor naturen som storsamfunnet har prekært bruk for i komande generasjonar. I boka Vrengte kofter formulerer Aslak Heika Hætta Bjørn det slik: «I en tid hvor den vestlige sivilisasjonen holder på å ødelegge livsgrunnlaget til alle på planeten, inneholder samisk kultur verdier og innsikter om hvordan vi kan leve med jorda og ikke mot den, hvordan bruke og ikke forbruke natur».

Det er òg lett å tenke seg at skildringar frå oljenæringa er underrepresentert i norsk litteratur, dette kjem av at få norske forfattarar bur der oljearbeidarane bur eller har erfaring frå bransjen, og derfor ikkje vil vera i stand til å skildre kvardagen deira.

Mange bygder strir med opprivande konfliktar knytt til arealendringar og sentralisering – endringar som kan få store praktiske konsekvensar, og som samtidig er verdikonfliktar. Det kan vera utbygging av datasenter, raffineri eller vindparkar. Det kan vera skulenedleggingar, kommunesamanslåingar eller møteplassar som forsvinn. Vi treng forfattarar som kan skildre desse erfaringane og maktkampane på ein nyansert, levande og forståeleg måte.

Vi treng historiene til vegentreprenøren, fiskeoppdrettaren, fjelloppsynet og kommunepolitikaren, til eleven som mista skulen sin og ho som eig slalombakken.

I ei framtid prega av komplekse menneskeskapte kriser, treng vi den uhilda, kritiske og frie forfattaren.

Forfattarane kan teste ut kreative forslag, trekkje lange liner og skapa forståing.

Eit aktivt kunst- og kulturliv er ein del av beredskapen i landet vårt, slår Totalberedskapsmeldinga fast. Det er ikkje tilfeldig at kulturverdiar blir brukt som mål og verkemiddel i terror, krig og konflikt. Angrep på kulturarven er destabiliserande og svekkjer samfunnet sin identitet, samhald og kampvilje.

Innverknader frå tek-gigantar og digitale plattformar blir stadig sterkare, og er vanskelege å overskode. KI aukar faren for desinformasjon som kan manipulere og forstyrre liva og haldningane til kvar enkelt av oss. Med sin kunstnariske intelligens, kjeldekritiske skriving og levande formidling er forfattarane ei motstandskraft mot desinformasjon. Vi treng å kjenne forhistoria vår og bruke nyansane i språket vårt, for å ruste oss for framtida.

Forfattarane er ein viktig del av landet sin hukommelse, dei stiller spørsmål og utfordrar. Dei gjev lesarane nysgjerrigheit, kunnskap og sjølvtillit – alt dette som trengs for å kunna ytre ei mening og yte motstand mot urett.

Vi treng forfattarar i heile landet. Utan dei blir hukommelsen dårlegare og samfunnet skjørare.

No items found.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.