Innspel til Lesekommisjonen

«For at alle lesarar skal ha tilgang til bøker som inspirerer og utfordrar, treng vi forfattarar som bruker orda, historiene og kunnskapane som knyter seg til kulturar og landskap i heile landet.»

Arkivfoto: Norsk Forfattersentrum har tidlegare bede medlemmene våre dokumentere skulebiblioteka på skulane dei besøker. Her er eit av bilda vi fekk inn.

Norsk Forfattersentrum har sjølvsagt sendt innspel til Lesekommisjonen. Der oppsummerer vi utfordringane Lesekommisjonen, og alle andre som arbeider med å skape ein sterk lesekultur i heile landet, står ovanfor:

Låg leseevne og konsentrasjonsevne kan føre til eit større klasseskilje i samfunnet. Innverknader frå tek-gigantar og store digitale plattformar er vanskelege å overskode. KI legg nye premissar, aukar tekstvolumet og skapar desinformasjon. Å avdekkje desinformasjon er lettare dess dyktigare lesar og skrivar du er. God leseevne er grunnleggjande for å kunne orientere seg i samfunnet og gjera informerte val. Lese- og skrivevanar arvar ein både frå venner, skulen, miljøet rundt seg og frå familien. Dette blir sjølvforsterkande dynamikkar. For at alle lesarar skal ha tilgang til bøker som inspirerer og utfordrar, treng vi forfattarar som bruker orda, historiene og kunnskapane som knyter seg til kulturar og landskap i heile landet. Gode lesaropplevingar oppstår ikkje utan forfattarane. Slik sett bør det nasjonale leseløftet sjå til at forfattarøkonomien og sosiale ordningar er best mogleg for forfattarar i heile landet. Dei norske forfattarane kan brukast som ein ressurs i leseløftet. Forfattarane bidreg til forståing, engasjement og levande lokalsamfunn og -demokrati.

Aksjon skolebibliotek

Det er vanskeleg å sjå for seg ein sterk lesekultur utan at alle skular i heile landet får bemanna og godt utstyrte skolebibliotek. Saman med resten av Aksjon skolebibliotek har vi sendt eit eige innspel om dette til kommisjonen.

Lesekommisjonen om Lesekommisjonen:

Lesekommisjonen er et ledd i Regjeringens leseløft for å styrke leseferdigheter og stimulere leseglede blant barn og unge. Kommisjonen skal beskrive hvordan barnehager og skoler kan jobbe med lesing og anbefale konkrete tiltak. Kommisjonen skal også gi anbefalinger til lokale myndigheter, til lærerutdanningene og tilbydere av etter- og videreutdanning.

Det er stor variasjon i hvordan leseopplæringen praktiseres i norske skoler og i hvor mye ansatte i barnehagene leser for barna. Regjeringen mener det er behov for samlede og kunnskapsbaserte råd som kan støtte barnehagene og skolene, redusere variasjoner i kvalitet og sikre at alle barn og elever får tidlig og helhetlig oppfølging for å bli motiverte og gode lesere. Regjeringen prioriterer lesing høyt, og har allerede igangsatt flere tiltak som skal bidra til mer lesing og bedre leseferdigheter.

Kommisjonen skal levere sine anbefalinger til Kunnskapsdepartementet i januar 2027.
No items found.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.

Fleire nyheiter

Sjå alle nyheitene