Argentinsk superstjerne til Dei litterære festspela med Gunnhild Øyehaug som festspeldiktar

Billettar i sal no!

Den argentinske forfattaren Samanta Schweblin vann nyleg litteraturprisen Premio Aena de Narrativa med ein prissum berre nobelprisen kan måle seg med. Foto: Alejandra López

21. og 22. mai går Dei litterære festspela med Gunnhild Øyehaug som festspeldiktar av stabelen på Litteraturhuset i Bergen. Blant forfattarane som kjem til Bergen i slutten av mai, finn vi den argentinske stjerneforfattaren Samanta Schweblin. Ho vart nyleg heidra med ein nyetablert litteraturpris, Premio Aena de Narrativa, som skal premiere den beste spanskspråklege litteraturen med svimlande 1 000 000 Euro til vinnaren.

Borar hol i hjernen din

Det er festspeldiktaren sjølv som har sete saman programmet til festspela i samarbeid med Norsk Forfattersentrum Vestlandet. Gunnhild Øyehaug var ikkje i tvil då ho fekk sjansen til å invitere Samanta Schweblin til Bergen:

– Schweblin er ei verdsstjerne med kraft til å bore hol i hjernen din, og fylle den med lys. Ein blir både skrekkslagen og oppløfta av bøkene hennar. Å høyre henne snakke om skrivinga si er også fantastisk, og inspirerande, og eg gler meg enormt til å føre henne saman med den briljante amerikanske forfattaren Amina Cain, som også har denne evna til å lage ei underleg tidlaus verd, ein stad mellom Emily Dickinson og David Lynch, like personleg epokegjerande og sjelsettande å lese. Det blir eit sjeldant møte!

Bøkene til Schweblin er omsett til 40 språk, på norsk finn du fleire av dei hos Cappelen Damm, blant anna Bookerpris-nominerte Feberdrøm (2017). Samtalen mellom Schweblin, Øyehaug og amerikanske Amina Cain finn stad torsdag 21. mai klokka 19, og blir leia av Julia Aagenæs Wiedlocha, høgt verdsett for omsettingane sine av den polske nobelprisvinnaren Olga Tokarczuk.

Festkveld

Steinar Opstad. Foto: Rolf M. Aagaard

Også ein annan prisvinnar er invitert til Dei litterære festspela. Steinar Opstad har nyleg gitt ut sin første roman, Tørkesommer (Kolon forlag, 2026), og fekk førre veke Gyldendalprisen for forfattarskapet sitt. Opstad møter du på Litterær festkveld 22. mai, der festspeldiktar Gunnhild Øyehaug presenterer fem forfattarar som står henne nær: Johan Harstad, Anna Kleiva, Tiril Broch Aakre, Steinar Opstad og Marie Lundquist.

Spørsmål til saken

Kontakt:

Atle Berge