Forfatterforeningens litterære råd er jury for Tarjei Vesaas’ debutantpris. Om Tynne rivner av lys (Samlaget, 2025), skriv dei:

Tynne rivner av lys er ein klok roman, som overraskande godt held fast i ein klassisk forteljarstil. Boka fortel om eit sårbart sinn, men i bakgrunnen syng forteljinga om ei næring og eit bygdeliv i rask og brutal endring. Frå tusenårsskiftet og fram til 2024 gjekk talet på gardsbruk i drift i Noreg ned frå 70 000 til 37 000. Ofte skuldast nedleggingane at inntekta ikkje lenger er til å leve av. Store lån, stort arbeidspress, låge inntekter, einsemd, uro for framtida – alt dette er truleg med på å gjere at bønder oftare vert råka av psykisk sjukdom og sjølvmord enn mange andre yrkesgrupper. Ved å fortelje om unge menneske som freistar å halde oppe tradisjonsrik næring og kultur, seier boka òg noko om særpreget ved det norske og nordiske. Dette er interessant i ei tid der heile verda – av storpolitiske årsaker – no har blikket retta mot Norden.
Spørsmål til saken
Kontakt:
Atle Berge







