Unge jenter, vaksne menn - er det greitt?

Olaug Nilssen har intervjua forfattarane Eline Lund Fjæren, Linn T. Sunne og Laura Djupvik.

I ungdomsboka Lille ekorn skildrar Linn T. Sunne tenåringsjenta Aurora si forelsking i trenaren Gaute. Eline Lund Fjærens si debutbok Ung jente, voksen mann handlar om ei jente på 13 som innleiar eit forhold til ein mann over tredve. I romanen Kvitt av Laura Djupvik forfører Jill på 17 læraren Peder.

Moralske dommar

Eline Lund Fjæren Foto: Finn Ståle Feldberg
Eline Lund Fjæren Foto: Finn Ståle Feldberg

Tre romanar dei siste åra har sett fokus på unge jenter sine romantiske og seksuelle forhold til vaksne menn. Norsk Forfattersentrum Vestlandet har intervjua dei tre forfattarane om kva tankar dei har hatt om det ulovlege og uhøyrte ved forholda dei har beskrive, og om korleis bøkene har blitt oppfatta.

Eline Lund Fjæren mottok Norlis debutantpris for Ung jente, voksen mann, som startar med eit kyss i ein garderobe og endar med eit ulovleg, seksuelt forhold mellom ei jente på 13 og ein vaksen mann. Lund Fjæren følgjer begges tankar og handlingar gjennom fleire år, og har fått mykje ros for den nyanserte og perspektivrike framstillinga.

Er det nokon som har reagert med moralsk fordømming?

- Nei, og eg må innrømme at det overraska meg. Ei av dei mest overraskande lesingane kom i kristenavisa Vårt Land, som på lik linje med dei andre meldarane konkluderte med at det fanst ulike nyansar av makt i forholdet.

Foto: Rolf M. Aagaard
Laura Djupvik Foto: Rolf M. Aagaard

I Kvitt av Laura Djupvik, er hovudpersonen 17 år gamle Jill, som gjerne vil, men ikkje får ligge med kjærasten Kristoffer. Når han reiser bort for å studere til lege, innleier ho eit forhold til læraren sin, Peder. Vi følgjer begge to i ei nøktern framstilling fram mot ei vond avsløring. Heller ikkje Laura har opplevd at reaksjonane mot boka har vore fordømmande.

- Det er tydeleg at ingen vil felle moralske dommar. Men ein bokmeldar påsto at Peder er usympatisk og negativt teikna, og det overraska meg, og fekk meg til å lure på om bokmeldaren les den vaksne mannen Peder med andre moralske briller enn ho les den unge jenta Jill med. Andre seier at nettopp den empatiske framstilling av begge dei to hovudpersonane, utan å ta stilling, er ein styrke ved boka.

Overgrep?

Ungdomsboka Lille Ekorn frå 2012 handlar om Aurora som forelskar seg i handballtrenaren Gaute. Han oppmuntrar forelskinga, men held henne også på armlengds avstand, og det heile blir ein rusande besettelse for den unge jenta. Heilt gale går det aldri, men sex med handballtrenaren er ein draum for Aurora og ei frykt for lesaren i romanen.

Linn T. Sunne Foto: Tove K. Breistein
Linn T. Sunne Foto: Tove K. Breistein

Linn T. Sunne svarer ja på spørsmålet om ho har skrive om ein overgrepsmann.

- Men eit overgrep har eg meir antyda enn beskrive. Eg fokuserer på Auroras kjensler, og feller ingen moralsk dom. Eg håpar likevel at eg greier å gjere lesaren i stand til å gjere det.

Får du reaksjonar som overraskar deg?

- Boka ender med ei rettsak der Gaute blir dømt for overgrep mot fleire unge jenter. Eg reiser mykje rundt i ungdomsskuleklassar og snakkar om boka, og det overraskar meg når ungdommar synest det er urettvist at Gaute får all skulda. «Ho ville det jo», seier dei.

Verken Eline Lund Fjæren eller Laura Djupvik har tatt stilling til om personane i romanane deira gjer overgrep.

- Litteraturen si oppgåve er å skildre kompleksitet, ikkje å gje

ferdige svar, seier Eline Lund Fjæren.

- Eg tenkte og tenker på det som eit kjærleiksforhold, seier Laura Djupvik.

- Peder var læraren og har gjort seg skuldig i å misbruke eit tillitsforhold. Men om ein ser på det frå anna hald, slik Peder sjølv prøver på, er Jill over den seksuelle lågalder, og dermed er det mindre stygt. Frå ei anna side igjen, kan vi sjå det som eit problem at han er gift. Ho har også ein kjærast som ho svik.

Laura Djupvik meiner at det er mange faktorar som spelar inn før ein kan felle ein moralsk dom.

- Mine foreldre møttest då far min var lærar på ein folkehøgskule, mor mi var elev. Han var 17 år eldre, og dei vart forlova, gift, fekk fem barn og aldri var det noko anna snakk om det enn at alle syntest han var heldig som hadde fått ei ung kone. Det kan jo vere at dei gjorde alt rett, i tydinga rett rekkefølge. Men kva er rett? Det vil tida, miljøet og den herskande moralen vere med på å bestemme

Vil ikkje romantisere

Frykta de å romantisere eit slikt forhold ved å skrive så nyansert om det?

Eg frykta ikkje å romantisere eit "moralsk uverdig forhold", men eg fryktar å romantisere kjærleiken, svarer Laura Djupvik.

- Det er viktig for meg å skrive ein roman der det som skjer får konsekvensar. Noko stygt vil alltid komme inn mellom kjærleiken som draum og kjærleiken som realitet.  Med med denne haldninga til livet, kjærleiken og realitetane tillet eg meg å moralisere  ved å lage ein tragedie ut av forholdet mellom Peder og Jill, seier Laura Djupvik.

Eline Lund Fjæren meiner det kan vere skummelt å beskrive eit slikt forhold frå avstand.

- Eg meiner det går skeis i Nabokovs Lolita, som også handlar om eit forhold mellom ein vaksen mann og eit barn. Hovudpersonen Hubert Humbert er ein velartikulert intellektuell, og med sine sympatiske beskrivelsar av den unge jenta, blir det nesten umogeleg for lesaren å fatte alvoret i gjerningane han har gjort seg skuldig i. Samtidig er det viktig å vere ærleg om det som er fint. Eg meiner sjølv eg har lukkast i å skildre det problematiske, samstundes som eg verken romantiserer eller øydelegger det. Boka mi er inga gåvepakke til eldre menn på jakt etter ansvarsfråskriving.

Linn T. Sunne romantiserer ikkje, men ho vil heller ikkje overdrive konsekvensane etter Aurora si oppleving.

- Sjølv om temaet er alvorleg, ønskjer eg å formidle ein optimisme

for lesarane mine. Livet er ikkje øydelagt sjølv om du har opplevd noko fælt, avsluttar Linn T. Sunne.

Av Olaug Nilssen, publisert i Norsklæreren 2/14

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.