To nynorskstipend er lyste ut!

Vestland fylkeskommune og Noregs Mållag lyser ut stipend med søknadsfrist 31. mai og 1. juni

Noko av målet med nynorskstipendet til Vestland fylkeskommune er å styrke språket som både kunst- og kvardagsspråk. Dette gatekunstmåleriet av Ivar Aasen heng på Bergen katedralskole. Det er laga av Slava Nemes Matisic, og oppdraget var å lage eit kunstverk som syner Ivar Aasen som eit førebilete på kreativitet og fagkunnskap. (Foto: Martin Magnussen/Vestland fylkeskommune)

Vestland fylkeskommune sitt nynorskstipend kan gå til forfattarar, dramatikarar eller andre som formidlar nynorsk i tekst og på scene.

Målet er å gjere nynorsk meir synleg båe som språk og kulturberar. Utlysinga er nasjonal, men mottakaren må ha tilknyting til Vestland gjennom virket sitt.

Dette stipendet er på kr 150 000.- søknadsfristen er 1. juni.

Sjå meir her https://www.vestlandfylke.no/nyheitsarkiv/2026/sok-om-150-000-kroner-i-nynorskstipend/

Noregs mållag lyser ut stipend frå Longvafondet for å fremja nynorsk litteratur.

Anne Røflo Longva og Alf Andre Longvas fond er skipa for å fremja norsk kulturarv, gjerne ved tiltak og påskjønningar til personar eller institusjonar som arbeider med litterære eller historiske emne e.l. og skriv på nynorsk.

I 2026 har fondsstyret sett av inntil 50 000 kroner til utdeling, og prosjekt kan også få støtte fleire år på rad, Søknadsfristen er 31. mai

Sjå meir her https://www.nm.no/stipend-for-a-fremja-nynorsk-litteratur/

Spørsmål til saken

Kontakt:

Unni Torgersen

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.