Afghanistan

Samstundes som Taliban tok tilbake kontrollen over Afghanistan, kom Erlend Skjetne og Simon Stranger med romanar som på ulikt vis fekk fram konsekvensane av konfliktane i landet. Også fleire andre forfattarar har skrive gode bøker om temaet dei siste åra.

Det Afghanske flagget henta frå Wikipedia som har publisert fila med public domain-lisens.

Har du lese ein forfattar som manglar på lista, eller er du medlem og ønsker oppdrag der Afghanistan er tema, høyrer vi gjerne frå deg!

Erlend Skjetne

Foto: Leikny Havik Skjærseth

Har skrive ungdomsromanen Eit anna blikk (Flamme forlag) om livet til atten afghanske flyktningar på eit mottak i Nord-Noreg.

Kontakt Skjetne her.

Simon Stranger

Foto: André Løyning

Ute med romanen 304 dager (Aschehoug forlag) om Afghanistan-veteranen Nicholas.

Kontakt Stranger her.

Khatol Wakil Momand

Foto: Privat

Khatol Wakil Momand flykta frå Afghanistan til Norge saman med familien sin i 1999. Med novellesamlinga Ranga og humorboka Master of satan, begge skrive på morsmålet dari, set Momand fokus på kulturelle og politiske praksisar som undertrykker kvinner.

Kontakt Momand her.

Elisabeth Eide

Elisabeth Eide - Foto: Oslo Met
Foto: OsloMet

Har skrive ei rekke bøker, både romanar og sakprosa, der Afghanistan speler ei sentral rolle. Eide har også jobba for Afghanistankomiteen og med «Forfatternes hus» i Kabul, og er i dag medlem av afghanistanutvalet til Norsk PEN.

Kontakt Eide her.

Geir Angell Øygarden

Foto: Christina Ottosson Øygarden

Har skildra Afghanistan sett frå bakken i bøkene Bagdad Indigo (Pelikanen forlag, 2011) og Odysevs åre (Gyldendal, 2017).

Kontakt Øygarden her.

Simen Sætre

Foto: Marte Garmann/J. M. Stenersens forlag

Gav i 2017 ut sakprosa boka Tolken (Cappelen Damm) der den afghanske tolken Qais Wahidis fortel om arbeidet for dei norske styrkane i Afghanistan.

Kontakt Sæthre her.

Katrine Sele

Are Iversen, Firda / Samlaget.no

Fortel i sakprosaboka Jølster hotell (Samlaget, 2017) historiene til asylsøkarar frå mellom anna frå Eritrea, Etiopia, Sudan, Syria, Irak og Afghanistan.

Kontakt Sele her.

Medlemmer som er nemnde i denne saka