Søk regionale kulturfond

Norsk Forfattersentrum oppfordrar både medlemmer og oppdragsgivarar om å søke regionale kulturfond for å sikre mest mogleg litteraturformidling i heile landet.

Dag Hoel, Kari Anne Bye og Tor Eystein Øverås på Hagefest i Adrianstua i Trondheim i 2021. Eit døme på litteraturformidling med honorerte forfattarar på scena.

Har du ein ide til eit prosjekt eller tiltak som vil skape fleire betalte oppdrag for forfattarar i Norge, til dømes ein litteraturfestival? I så fall oppfordrar vi deg til å søke dei regionale kulturfonda i haust.

Dei regionale kulturfonda vart oppretta av regjeringa i vår for å sikre «gode lokalsamfunn og et åpent, inkluderende og mangfoldig kulturliv i hele landet». Då trengst litteraturen, representert ved godt førebudde og honorerte forfattarar!

Søknadsfristar

Fylkeskommunane har ansvaret for tildelingar i sine område. Les meir om dei ulike ordningane på fylka sine nettsider.

Akershus: 1. oktober. Les meir og søk her.

Buskerud: 15. september. Les meir og søk her.

Finnmark: 1. oktober. Les meir og søk her.

Innlandet: «Politisk behandling av ordningen Regionalt fond Innlandet og kriterier er tenkt vedtatt av fylkesutvalget i Innlandet den 9. september 2025.» Les meir her.

Møre og Romsdal: 1. oktober. Les meir og søk her.

Nordland: 1. februar 2026. Les meir og søk her.

Oslo: «Søknader for tilskuddsåret 2026 har frist 1. november 2025. For tilskuddsåret 2026 kan det søkes om støtte til tiltak som gjennomføres i perioden 1. januar 2026 – 31. desember 2026. Tilskuddene utbetales i 2026.» Les meir og søk her.

Rogaland: 1. oktober. Les meir og søk her.

Telemark: 1. oktober. Les meir og søk her.

Troms: Søknadsfristen for 2025 var 15. august, men framover vil tilskuddsordninga har årleg søknadsfrist 1. desember. Les meir om regionalt kulturfond for Troms her.

Trøndelag: Søknadsfrist for 2025 var fredag 5. september 2025. Søknadsfrist for 2026 er 15. oktober 2025 og 1. april 2026. Les meir her, og søk tilskot for 2026 frå og med 15. september 2025.

Vestfold: Fristen var 1. september. Les meir om regionalt kulturfond Vestfold her.

Vestland: 15. september. Les meir og søk her.

Østfold: 1. oktober. Les meir og søk her.

Agder: «Ordningen har ingen søknadsfrist og saksbehandlingen skjer fortløpende.» Les meir og søk her.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.