– Skal skape meir aktivitet i heile landsdelen

Ingvild Solstad-Nøis er ny avdelingsleiar for Norsk Forfattersentrum Nord-Norge.

Ingvild Solstad-Nøis (t.h.) tar over ansvaret for Nord-Norge-kontoret til Norsk Forfattersentrum, der blir ho kollega med Christina Pernille Årst (t.v.).

Du har kanskje lese ein av romanane hennar, Jeg trodde det skulle bli fint å komme hit (2011), Rolig sone (2013), Eid (2019) eller Villa Art (2023)? Eller kanskje du kjenner henne som festivalsjef for Ordkalotten – Tromsø internasjonale litteraturfestival? Ingvild Solstad-Nøis (f. 1973) har i ei årrekke prega det litterære livet i Tromsø, og no skal ho leie Nord-Norge-kontoret til Norsk Forfattersentrum.

– Eg har brukt Norsk Forfattersentrum aktivt som forfattar, og samarbeida med kontoret i Tromsø som leiar for Ordkalotten, fortel Solstad-Nøis. – Då eg las stillingsutlysinga såg eg at det var mykje det vart spurd om der, som eg gjennom åra har opparbeida meg kompetanse på, og noko eg som eg hadde lyst til å lære meir om, og vere med på å forme.

Fryktar ikkje «skrivesorg»

Omslaget til Solstad-Nøis sin til no siste roman, Villa Art.

– Kva med litteraturen din? Er du ikkje redd for at du ikkje vil få tid til å skrive?

– Eg vart spurd om eg frykta «skrivesorg» på jobbintervjuet også, men eigentleg har eg vel jobba opp mot 100% ved sida av skrivinga i mange år allereie, berre med veldig mange forskjellige prosjekt samstundes. Eg har også to sønner som no har blitt store, og har mykje meir tid, så eg innbiller meg at eg kan halde kontakten med min eigen litteratur også. Det er uansett harde kår i litteraturbransjen, og eg vil helst sleppe å leve eit liv der eg konstant må streve. Då kjennest det ut som ei rett avgjerd å heller arbeide med å skape aktivtitet rundt litteraturen, og betre rammevilkåra for kollegaene mine.

Det er heller ikkje nødvendigvis slik at 100 % skrivetid er så positivt, meiner Solstad-Nøis:

– For mykje fridom, sklir fort ut i alle rettningar!

Felleskap

Norsk Forfattersentrum Nord-Norge vart etablert i 1982 og har kontor i Kirkegata 2 på Prostneset i Tromsø. Kontoret formidlar forfattarar til næringslivet, bibliotek, skular, Den kulturelle skulesekken, offentlege institusjonar, festivalar, lag og organisasjonar i landsdelen. Avdelingskontoret arrangerer også fleire eigne litteraturarrangement, blant anna Litteraten, ei arrangementsrekke i Tromsø der forfattarar frå heile landet kjem for å reflektere rundt eigen skrivepraksis.

Kontoret er dessutan ein av drivkreftene bak arbeidet med Festivalklynge Nord, som har som formål å auke litteraturformidlinga og styrke samarbeidet mellom litteraturfestivalane i landsdelen. Ingvild Solstad-Nøis får sjølvsagt spørsmål om kva planar ho har for aktiviteten til Nord-Norge-kontoret framover, men den nye avdelingsleiaren synest det er vel tidleg å bli så konkret:

– No skal eg først arrangere mi siste utgåve av Ordkalotten, før eg set i gang med den nye jobben 2. januar. Men eg har blant anna lyst til å vere med å løfte litteraturen i Finnmark. Vere tett på forfattarne som bur der, og få gode relasjonar til miljøa der. Norsk Forfattersentrum skal vere med og skape meir aktivitet i heile landsdelen. Dette er noko av det som vil vere nytt for meg, som er veldig knytt til Tromsø, men som eg gler meg til å ta tak i. Vi har også fleire samiske forfattarforeiningar som allereie jobbar godt med å fronte samisk litteratur, og som eg ønsker å jobbe tett med.

– Korleis vil du skildre det litterære miljøet i Nord-Norge?

Nord-Norge er jo veldig stort i areal, men i Tromsø er det eit levande litterært miljø i kraft av forfattarstudiet og universitetet i landsdelen, Ordkalotten, forfattarmiljøet rundt skrivekollektivet Stabburet, og Mun dajan – Foreninga samiske forfattere som vart stifta her i byen. Vi har også fleire litteraturfestivalar i landsdelen som er medvitne både bruken og marknadsføringa av nordnorske forfattarar på sine scener. Ikkje minst er Forfattersentrum kjempeviktig for forfattermiljøet i Tromsø. Der har tidlegare leiar Johannes Utstøl Johannessen og min nye kollega Christina Pernille Årst gjort ein god jobb, som eg gler meg til å vere med på å vidareutvikle. Vi lever langt unna dei store forlaga og dei litterære begivenhetene som koker i dei store byane, så det er desto viktigare for forfattarane her at det finst slike felleskap!

Medlemmer som er nemnde i denne saka

Fleire nyheiter

Sjå alle nyheitene