Mi sommarbok: Guri Sørumgård Botheim om «Brev 1970–1975»

I sommar kan du bli betre kjent med oss som jobbar i Norsk Forfattersentrum gjennom serien «Mi sommarbok» der vi kjem med lesetips og snakkar om kva bøker vi sjølv les i ferien. I dagens «Mi sommarbok» møter du rådgjevar Guri Sørumgård Botheim som har valt seg «Brev 1970–1975» av Olav H. Hauge og Bodil Cappelen som si sommarbok.

Guri Sørumgård Botheim (bildet) har valt seg «Brev 1970–1975» av Olav H. Hauge og Bodil Cappelen som si sommarbok. Portrett: Lillian Hjellum. Layout: Guri Sørumgård Bortheim. Intervju: Atle Berge

– Eg koplar sommaren til det å skrive dagbok og brev. Då eg skulle finne den ultimate sommarboka, tenkte eg derfor straks på dagbøkene til Olav H. Hauge, samt brevvekslinga mellom Hauge og Bodil Cappelen som Samlaget har gitt ut i bokform. Når det er sommar, vil ein vel gjerne ha ei romantisk historie med lykkeleg slutt? Då er denne brevvekslinga perfekt!

Guri fortel at ho fann fram brevvekslinga igjen for å førebu seg til dette intervjuet, og vart straks like oppslukt som første gong ho las breva:

– Starten er heilt fantastisk!

Kjære Olav Hauge,

Jeg stod opp i morges og tenkte på et rom møblert med bøker fra gulv til tak. Bli ikke forbauset når jeg skriver slik til deg og du ikke kjenner meg – det går over […]


– Bodil Cappelen i Brev 1970–1975 (Samlaget, 2011)

– Hauge og Cappelen sende brev att og fram i fire år. Spesielt Bodil Cappelen er ein fantastisk god brevskrivar. Ho er meir personleg enn Olav, men meistrar også dei litterære verkemidla. Blant anna bygger ho spenning ved å sende eit stutt brev der ho skriv at han snart skal få eit lengre og viktigare eit.

Spennande kjærleikshistorie

Bodil Cappelen. Foto: Siri Vaggen Olsen, Samlaget

– Desse lengre breva handlar sjølvsagt om kva dei driv med, men dei sender kvarandre også frykteleg mange lesetips, og vi får eit innblikk i Cappelen sin veg inn i yrket som bildevevar. Den store spenninga i breva er likevel om dei kjem til å møtast, og kva som då vil skje. Sjølv for meg som veit korleis det går, er dette spanande! Bodil Cappelen skriv igjen og igjen at ho vil møte han, og det er mange nestenmøte, men dei møttest altså først i 1974, fire år etter at brevvekslinga starta! Då dei endeleg møtest, bestemmer Cappelen seg for å bryte ut av ekteskapet sitt for å flytte til Hauge og Ulvik.

Gardsliv

Har ein litt jord, og hus, er ein aldri fri. Det er bonden i ein som er for sterk. Han reiser aldri heimanfrå utan han er plent nøydd. Og held det for ei ulukka.

– Olav H. Hauge i Brev 1970–1975 (Samlaget, 2011)

– Eg kjenner meg igjen i dette sitatet, seier Guri. – Når ein kjem frå gard slik både Hauge og eg gjer, kan ein ikkje reise så mykje. Ja, eg kjenner meg verkeleg igjen i dette med å ikkje ville reise, men når vi først reiser, blir det jo fint det også, noko som kjem godt fram i breva.

Minne frå Ulvik

Utsikt frå Brakanes Hotell i Ulvik. Foto: Bananna Wintour, Unsplash

Guri har sjølv vore fleire gonger i Ulvik der Olav H. Hauge budde heile livet. Det er spesielt eit minne som sit att:

– Ein gong var eg i Ulvik, gjekk eg tur forbi der Olav H. Hauge budde og vidare oppover. Det var vår, fruktblomstring og fullt av lam utanfor fjøsa. Og på alle kantar var det utruleg velstelte, små gardar. Samme dag kom jordbruksoppgjeret, eit dårleg oppgjer det året, og eg tenkte på kor mykje arbeid bøndene legg ned på desse gardane, kor mykje flid dei gjer seg, og som dei ikkje tener så mykje på, men som er utruleg verdifullt! Skal nokon på ferie til Hardanger i sommaren, anbefalar eg sterkt å dra til Ulvik. Besøk gjerne det flotte Olav H. Hauge-senteret! Utpå hausten er det også ein poesifestival i den vesle bygda. Eg trur Ulvik poesifestival må ha eit av dei beste lokale publikumma i landet. Her har dei verkeleg klart å dyrke fram eit litteraturinteressert publikum over tid!

Sommarboka 2024

– Til slutt: Kva bok har du med deg på ferie i år?

– Eg skal begynne på Den andre moren av Tina Åmodt. Eg har følgd forfattarskapet hennar og syntest debutboka Anleggsprosa var ekstremt god, og no er det veldig mange som har anbefalt denne.

Silje Marie er gift med Helene. Sammen har de sønnene Olav og Henry. Da Helene og barna reiser på ferie, blir Silje Marie igjen i familiens hus, et hjem som skal pakkes midlertidig ned og klargjøres for oppussing. Her er det som om hun ikke bare er blitt alene med ansvaret for huset og tingene, men også med uroen over de valgene hun og Helene har truffet og hvilken retning livet deres skal ta, og med den forbudte tanken om at hun opplever ulik tilknytning til sine to barn, der hun har født det ene, men ikke det andre. Og aller mest alene er hun med følelsen av at hun lever et dobbeltliv, det hun har løyet om og holder skjult for Helene: at det finnes en annen mor, som hun omgås, med en sønn som ligner Henry.

«Den andre moren» er en akutt og modig beretning om en mors krise, en roman som på en klok og utfordrende måte går inn i samfunnsspørsmål rundt foreldreskap, biologi og skeive liv.

– Forlaget Oktober om Den andre moren av Tina Åmodt

Fleire nyheiter

Sjå alle nyheitene