Kunst- og kulturproduksjonar til skulen

I Hordaland er fristen 1. oktober for forslag til skuleåret 2017 - 2018.

logo hordaland fk
Programmet varierer frå år til år. – Ein må kvart år sende inn forslag til programmet. Nokre musikkproduksjonar til grunnskulen turnerer over fleire år, alle dei andre produksjonane vert vurderte og tatt inn i programmet for eit år om gongen.
Hordaland fylkeskommune har ansvar for kunst- og kulturformidling til elevar i grunn- og vidaregåande skular i Hordaland. Programmet vert finansiert og tilrettelagt i samarbeid med Kulturtanken – Den kulturelle skolesekken Norge (tidlegare Rikskonsertane).

Kven kan sende inn forslag?

Profesjonelle utøvarar, institusjonar og andre tilbydarar innan dei ulike utrykka kan sende inn forslag til programmet.

Innhald

Hordaland fylkeskommune sitt samla program skal omfatte visuell kunst, film, litteratur, scenekunst, musikk, kulturarv og kunstartar i samspel. Elevane skal gjennom skulegangen få eit variert tilbod, og oppleve profesjonell kunst og kultur både på skulen, kulturhus og andre kunst- og kulturinstitusjonar/ -arenaer.

Kunst- og kulturformidlingsprogrammet i skulen er for elevane og skal skje i skuletida.

Kulturprogram på bokbåten Epos er ein del av tilbodet. Dersom de kryssar av for framføring på Epos, forventar vi at produksjonen kan tilpassast bokbåten. De finn meir om krava til kulturprogrammet lengre nede på sida under overskrifta Bokbåten Epos – om å vere kulturutøvar om bord.

Føremål med ordninga

Måla med programmet for kunst- og kulturformidling i skulen er:

  • å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod,
  • å leggje til rette for at elevar i skulen skal få tilgang til, gjere seg kjende med og få eit positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk av alle slag,
  • å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål,
  • å gje born oppleving av kunst og styrke deira eiga skaparevne,
  • å styrkje born si evne til å stille spørsmål, og stimulere til undring og kritisk vurdering.

Kriterium

HFK har vedteke følgjande kriterium som ligg til grunn for programmet for kunst- og kulturformidling i skulen.

  • Forslagsstillar skal ha levert fullstendig søknad innan fristen, med vedlegg eller lenkje til lyd- og/eller filmopptak der dette er naturleg.
  • Kvar produksjon i programmet skal ha profesjonalitet i innhald og formidling.
  • Programmet skal gjennomførast i skuletida.
  • Programmet skal ha variasjon i uttrykk og sjangermessig breidde, spelestad og formidlingsmåte.
  • Programmet skal tilføre skulen møte med profesjonell kunst og kultur, og ikkje erstatte delar av skulen sin undervisning i estetiske fag.
  • Musikkproduksjonar til grunnskulen skal samsvare med særskilde behov som kjem fram av utlysinga. (Varierer frå år til år.)
  • Det skal vera eit særskild fokus på regionale og lokale utøvarar, og nyskapande kunst skal prioriterast.
    Det samla programmet skal ha god kjønnsfordeling blant utøvarane.

Her finn du kontaktinformasjon og søknadskjema

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.

Fleire nyheiter

Sjå alle nyheitene