Høgtid for viktige fristar

Både Den kulturelle skolesekken, KOMMA og ei rekke store stipend har søknadsfrist i oktober.

Oktober er full av viktige søknadsfristar for forfattarar og omsetjarar. OBS! Bildet er eit illustrasjonsfoto og viser ein kalender for 2018.

Vil du skrive sakprosa?

NFFOs prosjektstipend har søknadsfrist allereie 26. september. Les meir og søk her.

NFFO har også ei rekke andre stipend for både forfattarar og omsetjarar av sakprosa med søknadsfristar i løpet av året. Gjer deg kjent med NFFOs stipend her.

DKS-frist

1. oktober går fristen for å søke om å få turnere i Den kulturelle skolesekken i skoleåret 26/27 ut. Les meir om det her, og kontakt Norsk Forfattersentrums DKS-ansvarleg Ida Endestad dersom du treng gode råd eller anna hjelp med innhaldet i søknaden. Tekniske spørsmål stiller du direkte til Kulturtanken som administrerer ordninga.

Årets viktigaste stipendfrist

15. oktober går fristen for å søke Statens kunstnarstipend ut. Søk her!

Forfatterforeningen og NBU har også søknadsfrist 15. oktober for sine største stipend. Her vil du kunne gjenbruke mykje av søknaden du sender til Statens kunstnarstipend, men du må søke stipenda det gjeld separat:

Vis deg fram på KOMMA!

Har du ein litterær produksjon du ønsker å vise fram til potensielle oppdragsgivarar? Til døems den du søker om å få dra på DKS-turné med? 15. oktober er også frist for å søke om å få delta på KOMMA, vår nasjonale visningsarena for litteratur i Den Kulturelle Skolesekken. Les meir om KOMMA her.

Vil du lage litteraturarrangement eller har ein idé til eit anna litterært tiltak?

I så fall oppfordrar Norsk Forfattersentrum deg om å søke ditt lokale regionale kulturfond. Ein del søknadsfristar har her dessverre gått ut, men det er framleis mogleg å søke i andre fylke. Skaff deg oversikt her!

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.