Heidra Høvring i Hardanger

Diktartavla 2025 til Mona Høvring.

Mona Høvring på Forfattersentrum-arrangement i 2024. Foto: Espen Gees

Diktardagen er eit årleg arrangement i regi Hardanger folkemuseum der ein norsk forfattar vert løfta fram ved å leggja ned ei diktartavle for vedkomande på Diktarstien ved museet. Den første diktartavla kom i 1992, og dagen blei etablert offisielt på 85-årsdagen til Olav H. Hauge i 1993. Hauge var sjølv med og tok initiativet til Diktarstien. Det er ei svært solid liste over forfattarar Høvring no blir ein del av. I tillegg til Olav H. Hauge sjølv, har blant andre Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Tone Hødnebø, Jon Fosse, Gro Dahle, Eldrid Lunden og Øyvind Rimbereid fått diktartavle.

Prisutdelinga fann stad på Hardanger folkemuseum måndag 18. august.  Der vart også fjorårets vinnar, tidlegare styreleiar i Norsk Forfattersentrum, Per Olav Kaldestad, heidra.