Gunnhild Øyehaug blir rekna som ein av dei mest særeigne, nyskapande og betydningsfulle forfattarane i norsk samtidslitteratur. Sidan debuten med diktsamlinga Slaven av blåbæret i 1998 har ho gjeve ut ei rekkje kritikarroste verk, mellom anna novellesamlingar, romanar, essaysamlingar, filmmanus og eit skodespel.

Populær formidlar
I tillegg til eiga skriving er Øyehaug ein viktig litteraturformidlar og bidragsytar til det litterære miljøet. Ho er lærar ved Skrivekunstakademiet i Bergen, ein populær formidlar og ein betydeleg omsetjar av skjønnlitteratur. Øyehaug kjem frå Ørsta og bur i Bergen.
Øyehaug har motteke fleire høgthengjande litterære prisar, blant anna Sultprisen og Doblougprisen. Forfattarskapet hennar har òg funne eit stort internasjonalt publikum, med omsetjingar til ei rekkje språk. Den amerikanske utgåva av romanen Vente, blinke vart i 2018 nominert til National Book Award, ein av dei mest prestisjetunge litteraturprisane i USA. I 2022 vann ho den anerkjende O. Henry Prize for Short Fiction for novella Eple. Same året vart den amerikanske omsetjinga av Presens maskin nominert til prisen for beste omsette skjønnlitterære bok av National Book Critics Circle. I 2024 vart Øyehaug tildelt Nynorsk litteraturpris for romanen Her kjem sola.

«[E]t unikum i norsk litteratur»
Valet av festspeldiktar er gjort av arbeidsutvalet ved Norsk Forfattersentrum Vestlandet. Arbeidsutvalet framhevar Gunnhild Øyehaug som ein leiken og grenseoverskridande forfattar, «et unikum i norsk litteratur». Juryen framhevar at ferskaste utgiving både vidarefører styrkane frå Øyehaugs tidlegare forfattarskap og samstundes opnar nye rom der grensene mellom kropp og sjel, fantasi og røyndom blir stadig meir flytande. «Kanskje blir denne filosofiske nysgjerrigheita enda viktigare i forfattarskapet framover?»
Heile grunngjevinga kan lesast her!
Festspeldiktaren avgjer programmet
Programmet for Dei litterære festspela 2026 blir utarbeidd i samarbeid med Gunnhild Øyehaug. Heile programmet blir offentleggjort på eit seinare tidspunkt. Billettsalet startar i begynninga av mai.
Spørsmål til saken
Kontakt:
Sissel Kristensen








