Forfattesentrum får 800 000 kroner til arrangement i Bokåret

Nasjonalbiblioteket har i dag avslørt kva bibliotek og organisasjonar som får støtte til å spreie leseglede i Bokåret 2019. Av totalt 27 millionar kroner har Norsk Forfattersentrum fått tildelt 800 000 i støtte til konseptet «Finn din sjanger!».

Arrangementskonseptet «Finn din sjanger!» vil presentere bøker og forfattarar innan eit breitt spekter av litterære sjangrar. Arrangementa vil i hovudsak vere forma som litterære samtalar, der kvar samtale tek for seg éin unik sjanger.

Leiar for Bokåret Liv Guldbrandsen og nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre under offentleggjeringa av Bokåret 2019.

Over heile landet

Norsk Forfattersentrum er den einaste litterære organisasjonen med avdelingskontor i kvar landsdel, vi skil oss også ut ved å inkludere debutantar og sakprosaforfattarar i medlemsmassen. I Bokåret ønsker vi å bruke dette til å nå heile spennet av lesarar, frå den sekstiårige revisoren som elskar historiske romanar og allereie har besøkt litteraturhuset i Bergen mange gonger, til den sekstenårige SKAM-entusiasten på Finnsnes som aldri har vore på eit litterært arrangement. Kvart avdelingskontor vil ha ansvar for arrangement i sin landsdel saman med lokale medarrangørar.

500 bibliotek får støtte til å gjennomføre 1 500 arrangement

I følge pressemeldinga frå Nasjonalbiblioteket får til saman 500 bibliotek støtte til å gjennomføre over 1500 arrangement i løpet av 2019. Også fleire av våre nærmaste samarbeidspartnarar satsar stort i Bokåret. Leser søker bok får 950 000 til prosjektet «Bok til alle!», Den norske Forfatterforening og Bokhandlerforeningen 500 000 til «Leser møter forfatter – i bokhandelen», medan Foreningen !les får 1 000 000 kroner til kampanjen «Den boka». Vi er også svært glade for at Ordkalotten – Tromsø internasjonale litteraturfestival, der Norsk Forfattersentrum er medarrangør, får 80 000 kroner til neste års festival!

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.