Festspeldiktaren deler ut stipend

Under Dei Litterære Festspela strøymer vi arrangementa fredag og laurdag. Dei låg bak betalingsmur med billettpris kr 100 (inkl. avgifter). Alle inntektene frå billettsalet går til eit stipend som Festspeldiktaren vil dele ut til ein ny og lovande forfattar litt ut på hausten.

Fredag 21. mai

BLANDA DROPS

Auditoriet, Litteraturhuset i Bergen, kl. 19.00
Du kan sjå sendinga frem til laurdag 22. mai kl. 19.00

Opningstale ved Odd W. Surén. Festspeldiktaren presenterer gode forfattarkollegaer. Opplesingar ved Victoria Kielland, Inghill Johansen, Øyvind Rimbereid, Laila Stien og Festspeldiktar Tormod Haugland.
Digital billett kr 100.-
Alle inntektene frå dette billettsalet går til eit stipend som Festspeldiktaren vil dele ut til ein ny og lovande forfattar.

Laurdag 22. mai

NÆRBILETE

Auditoriet, Litteraturhuset i Bergen, kl. 14.00
Du kan sjå sendinga frem til sundag 23. mai kl. 14.00

Djupneintervju med Tormod Haugland. Intervjuar Sandra Lillebø. Eit uformelt møte med Festspeldiktaren og hans forfattarskap.

Digital billett kr 100.-
Alle inntektene frå dette billettsalet går til eit stipend som Festspeldiktaren vil dele ut til ein ny og lovande forfattar.

Laurdag 22. mai

KVA TREKKJER FORFATTARANE MOT ROMANEN?

Auditoriet, Litteraturhuset i Bergen, kl. 18.30
Du kan sjå sendinga frem til sundag 23. mai kl.  18.30

Innleiing ved Frode Helmich Pedersen om Festspeldiktaren sitt romanforfattarskap. Han leiar og samtalen om romankunsten med Nina Lykke, Ole Robert Sunde, Gunnhild Øyehaug, Thure Erik Lund og Festspeldiktar Tormod Haugland. Forfattarane vil lesa korte utdrag frå eigne utgjevingar.
Digital billett kr 100.-
Alle inntektene frå dette billettsalet går til eit stipend som Festspeldiktaren vil dele ut til ein ny og lovande forfattar.

Her finn du meir informasjon, heile grunngjevinga og presentasjonar av forfattarane.

Vil du bidra til stipendet? Vipps til #132049

Eller kontakt oss på vest@forfattersentrum.no

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.