Fem sterke i finalen til NTNUs litteraturpris 2025

Sjukdom, einsemd, vennskap og kjærleik. Fem sterke kandidatar løftar fram nære tema på kortlista til den gjeve litteraturprisen ved NTNU. I år blir prisen delt ut til eit skjønnlitterært verk, og vinnaren blir kunngjord 22.oktober.

Fra venstre: Fredrik Stellander Larsen (Foto: Agnete Brun), Ingrid Storholmen (Foto: Merete Haseth), Kjersti Synneva Moen (Foto: Agnete Brun), Marte Mittet (Foto: Magne Mittet) og Marte Huke (Foto: Terje Visnes)

De nominerte

Lev, gjenferd av Fredrik Stellander Larsen (Aschehoug, 2023)

Bloddråpetall av Ingrid Storholmen (Aschehoug, 2024)

Grip den føkkings dagen av Kjersti Synneva Moen (Aschehoug, 2023)

Los av Marte Huke (Tiden, 2023)

Voksesmerter av Marte Mittet (Forente forlag AS, 2023)

Pristildelinga

Tildelinga av NTNUs litteraturpris skjer 5. november kl. 19:00 på Litteraturhuset i Trondheim. Terje Lohndal, dekan ved Det humanistiske fakultetet, deler ut prisen. Arrangementet er opent for alle.

Om prisen

NTNU deler årleg ut ein litteraturpris for å synleggjere og utvikle litterær verksemd knytt til Trøndelag. NTNUs litteraturpris på kr 20 000 går til eit norskspråkleg verk av ein nolevande forfattar med tilknyting til regionen, og vekselvis til skjønn- og faglitteratur. I 2025 er det skjønnlitteratur som står for tur.

Sjå oversikt over tidlegare vinnare her.

Årets jury

Juryen for NTNUs litteraturpris 2025 er: Juryleiar Karolina Drozdowska, førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU, Siri Aurland Bredesen, avdelingsleiar hos Norsk Forfattersentrum Midt-Norge, Nora Berg Markussen, phd-stipendiat ved NTNU, Marthe Vendela Kant, programmedarbeider ved Litteraturhuset i Trondheim og Aja Bugge, dagleg leiar ved Litteraturhuset i Trondheim.

Om dei nominerte bøkene

Lev, gjenferd av Fredrik Stellander Larsen (Aschehoug, 2023)

London, 1959. Professor Didrik Hopijoutsen får ei nyheit: Eit hittil ukjent musikkstykke av den verdskjende komponisten Ulrik Pomerantsev har vorte oppdaga, tretti år etter hans død. No saumfer Didrik fortida med nye auge, i eit håp om å forstå den uhandgripelege skikkelsen som ein gong var vennen hans. Lev, gjenferd er ein reise gjennom minne og ein meditasjon over ein vennskap. Det er også ei røvarhistorie, eit vitalistisk kunstnarportrett frå eit fiktivt øysamfunn i Austersjøen anno nitten hundre.

Bloddråpetall av Ingrid Storholmen (Aschehoug, 2024)

Dette er ei bok som gir stemme til sjukdommen. Ikkje éin sjukdom, men sjukdom i og for seg. Gjennom eit kor av stemmer frå ein fiktiv plass i Trøndelag kjem ulike diagnosar og sjukdomshistorier til uttrykk. Personane som fortel, har ulik alder, kjønn og stilling – men alle har det til felles at dei direkte eller indirekte blir ramma og endra av sjukdom. Over ein 40-årsperiode har ei av dei største helseundersøkingane i verda gått føre seg i Trøndelag. HUNT-rapportane kartlegg kva som påverkar helsa vår, og korleis sjukdom påverkar livet. I Bloddråpetall møter vi det emosjonelle landskapet bak rapportane, forteljingane bak tala.

Grip den føkkings dagen av Kjersti Synneva Moen  (Aschehoug, 2023)

Amalie skal flytte på hybel med si beste venninne, ho skal byrje på kunstlinja og endeleg startar eit nytt og vakse liv. Men ingenting blir som ho har tenkt, for plutseleg er ho ikkje best i klassen til å teikne og det er ikkje så lett å få venner. Og den eine Amalie hadde rekna med, forsvinn akkurat i det ho treng henne som mest. Den grafiske romanen til Moen er ei morosam og rørande forteljing om å kjenne seg einsam for første gong i livet, om å forstå kva klisjeane betyr og om å bli sin eigen beste venn.

Los av Marte Huke (Tiden, 2023)

Los er ei samling som femnar breitt. Her finst dikt om å lese ein roman i ei hengjekøye om sommaren, om utsikta frå vindauget og ordas forvandling av den, om hav og landskap, om Ukraina og korona, om Harald Sæverud, Inger Christensen og Henry Darger. Alle dikta er samtidig prega av ei grunnleggjande openheit, noko som heile tida spør om kva blikk vi møter verda med, og kva som trengst for å ta den inn. Dikta tek lesaren i handa, lik ein følgjesvein, og resultatet er ein oppsiktsvekkjande varm og perspektivrik bok, skrive med stor autoritet og overskot.

Voksesmerter av Marte Mittet (Forente forlag, 2023)

Året er 1991, nyheitsbiletet blir prega av at Jugoslavia går i oppløysing. Louise er 15 og går siste året på ungdomsskulen. Ho bur på ein tettstad utanfor Trondheim saman med Besta og Beste. Mora Kirsty, som forlét Louise då ho var liten, har teke kontakt igjen. Dei går på bar i helgane og lèt som dei er søstrer. Louise blir venner med Seb, som nettopp har flytta til staden. Voksesmerter er roman om vennskap, forelsking og familieliv som blir påverka av ein krig som er slutt.