Det er ei markant og særs samfunnsengasjert stemme som no har gått bort.
Bjørn Nilsen (f. 1934) tok norsk hovudfag ved UiO i 1962, og la ned eit stort arbeid i studentavisa Filologen, der han var med å omskapa avisa til eit litterært tidsskrift (saman med Stein Mehren og Andreas Skartveit) der dei slapp til litteraturstudentar og diktarar. Dette arbeidet heldt fram i Profil. Ein kan seia at krafta her, i Profil-redaksjonen, gav Bjørn og dei andre (særleg Einar Økland, Tor Obrestad, Espen Haavardsholm, Dag Solstad ) eit realt push inn mot etableringa av «senteret», Norsk Forfattersentrum. Vi skriv 20. september 1968, og det blei fort 100 medlemmar. Desse 100 blei til 1000 då Forfattersentrum fylte 40 år i 2008, og det er no vel 2000 forfattarar på knaus og i li. Med avdelingskontor i Tromsø, Trondheim og Kristiansand i tillegg til Bergen og Oslo. Utan denne vitaliteten, eller synet på viktigheita av skikkeleg løn for forfattararbeidet – heller inga forfattarsenter for levande litteraturformidling.
Saman med Einar Økland og Tor Obrestad, etablerte Bjørn Nilsen kontor og fekk forfattarar til å formidla det dei hadde skrive. Skulebesøk, opplesing og samtale på sosiale institusjonar, bokturnear, ja, dei ulike formidlingsformene, og talet på oppdrag til forfattarane, steig. Særleg Gjøglervogna sommaren 1970 blei eitt symbol på kva kraft tverrkunstnarleg samarbeid kunne ha. Her gjekk NF saman med Unge Kunstneres Samfund (UKS) for å «se nærmere på muren mellom kunsten og folket» som det sto i ein brosjyre frå turneen. Forfattarar, jazzmusikarar, visesongarar og biletkunstnarar gjekk saman.

Bjørn Nilsen virka òg som fjernsynsjournalist i ei tid der journalistikkens politiske dragkampar høgre-venstre stod sterkt og tydleg. Som NRK-medarbeidar i 1970- og 80-åra, var han kontroversiell, med program som ofte førte til politisk debatt. Han blei skulda for å vera venstrevridd både frå Høgre og AP, men debatt på Stortinget fekk innslaga hans ofte, ikkje minst kring arbeidstilhøva i oljebransjen. Han virka som programsekretær frå 1964 fram til slutten av 90-talet.
Sjølv hugsar eg han òg som streng etikettevoktar på dei første årsmøta mine i Den norske Forfatterforening. Om voteringa rusla framover i potensielt feilspor, var Bjørn der og veifta med årsmøtefoldaren og gjette oss andre som kunne vera truandes til å votera i hytt og pine. Han var sjølv formann i DnF 1975-77 og organisasjonsarbeidet var prega av konfliktlinjer vi ser heilt fram til i dag: Kva skal forfattarforeininga vera, ein kunstnarorganisasjon eller ei fagforeining?
Som forfattar skreiv han noveller og fleire diktsamlingar, oftast på bokmål, men etter å ha flytta tilbake til trøndelagskysten, skreiv han oftare på eit trøndersk nynorsk, ikkje minst flotte små epistlar i Klassekampen om årstider og naturen rundt seg. Nilsen debuterte med diktsamlinga Hvis jeg var trollmann (1960), som inneheld ironiske dikt frå det moderne «storbyliv» i Oslo. Tydelegare samfunnskritikk kom til uttrykk i seinare samlingar som PResens (1966), Innta plassene (1967) og Glad hverdag (1969). Samlinga Speilet lyg (2003) er skrive på trøndersk, og året etter kom Hilsen og håndslag; dikt 1960-2003 ut på Orkana forlag (i utval ved Arne Ruste) .
Han leverte såkalla dokumentarbøker òg, om oljeeventyret, Mehamn- og Kielland-ulukka, om media. Særleg var Hamningberg – fraflytting og umyndiggjøring (1970) viktig. Boka kom nokre år etter at han hadde jobba fram to TV-program om fiskeværet. I 1974 skreiv han diktet En gang skal vi flytte tilbake
Tenk på det kamerater
den dagen vi kjører flyttelassene tilbake
til Hamningberg, Breivik og Bjørnsund
alle de forblåste hjemstedene
vi ble tvunget til å reise fra.
Og Bjørn flytta tilbake, ikkje til Finnmarkskysten, ei heller til fødeplassen Strinda utanfor Trondheim, men til Snillfjord i Trøndelag. Og ikkje berre for å nyta sitt otium; her skulle skrivast, her skulle drivast lokalpolitikk. Han gjorde mykje ut av begge desse trådane i livet. Og vi i Norsk Forfattersentrum er glade for å ha hatt han her hos oss.
Eirik Ingebrigtsen,
på vegne av Norsk Forfattersentrum






