Amalie Skram-prisen 2026 går til Maria Parr

Det er fyrste gong prisen går til ein reindyrka barnebokforfattar.

Foto: Sara Sanderud

Juryen skriver:

Maria Parr er utdanna lektor med ein mastergrad i nordisk frå Universitetet i Bergen. Ho debuterte som skjønnlitterær forfattar i 2005 med barneboka Vaffelhjarte. I 2009 kom gjennombrotsromanen Tonje Glimmerdal. Keeperen og Havet kom i 2017. Storebror frå 2019 blei følgt opp tematisk i Oskar og eg frå 2023 (alle utkomne på Samlaget).  Vaffelhjarte blei spelt inn som TV-serie og sendt på NRK hausten 2011, mens både Tonje Glimmerdal, Vaffelhjarte og Keeperen og havet er sett opp på Det Norske Teatret i Oslo og Den Nationale Scene i Bergen.

Maria Parr har mottatt ei rekke prisar og utmerkingar både nasjonalt og internasjonalt, blant anna Nynorsk barnelitteraturpris, Kritikerprisen, Kulturdepartementets litteraturpris, Teskjekjerringprisen – og Brageprisen ikkje mindre enn tre gonger. Die Zeit kåret Tonje Glimmerdal til årets beste barnebok i Tyskland i 2010.

I Maria Parr sitt forfattarskap blir barnet tatt på største alvor. Parr utforskar barnet si verd som ein arena for store kjensler, moralske val og etisk ansvar. Bøkene er likevel aldri moraliserande. Med eit varmt hjarte for dei aller minste viser Parr barna at dei kan ha både handlingsrom og handlekraft, gjennom ugløymelege karakterar fulle av liv og originalitet. Parrs solide, litterære språk gjer romanane særs leseverdige for både store og små lesarar. Temaa er ofte alvorlege, men formidla med snert og humor. Parr gjer eksistensielle spørsmål tilgjengelege for unge lesarar i eit direkte og konkret språk.

Amalie Skram-prisen blir tildelt ein norsk, kvinneleg skjønnlitterær forfattar som skriv i Amalie Skrams ånd. Som Amalie Skram har Maria Parr eit særeige talent for innleving i menneskelege erfaringar, og evnar å gjere desse erfaringane levande for lesarane. Som Skram viser Parr ein kompromisslaus respekt for karakterane sine; barn og vaksne er samansette og truverdige. Vi møter sterke, modige jente- og kvinnekarakterar som samstundes rommar sårbarheit, lengt, frykt og sinne. Parr behandlar tema som solidaritet, medkjensle, makt og opprør mot makta – tema Amalie Skram òg utforska i heile sitt forfattarskap. Som Skram tar Maria Parr litteraturen si oppgåve på alvor; å gi lesaren innsikt og innleving i menneska sine erfaringar, og å løfte stemmene til dei som elles ikkje blir høyrde. Menneskekunnskapen, det sosiale blikket og den språklege krafta plasserer Maria Parr ikkje berre blant dei aller fremste forfattarane våre, men også solid i tradisjonen etter Amalie Skram.
Vi unner både barn og vaksne å bli kjende med Maria Parrs rike forfattarskap.

Amalie Skram – 180 år!

22. august er det 180 år sidan Amalie Skram blei fødd. Dette markerer Amalie Skram-selskapet ved å gjere 22.-23. august til ei durabeleg Amalie Skram-helg på Alver Hotel ved Alversund, tett ved der Amalie Alvers far kom frå. Etter tradisjonell «beblomstring» av Skram-statuen på Klosteret i Bergen kl. 12.00 går ferda til Alver Hotel. Her blir det program for dei som har meldt seg på. Kl. 18.00 blir det overrekking av Amalie Skram-prisen til Maria Parr, følgt av bokbad med prisvinnaren. Sundag 23. august er det duka for seminar på Alver Hotel for medlemmar og andre påmelde. Gjestar ved seminaret er sentrale Skram-ekspertar som Irene Engelstad, Janet Garton og Merete Morken Andersen. Det blir musikalske innslag ved Julie Birgitte Kolstad og Sigurd Carlsen Sejersted frå Griegakademiet.

Se mer på Amalie Skram-selskapet sin facebookside

Spørsmål til saken

Kontakt:

Unni Torgersen

Medlemmer som er nemnde i denne saka