Ny honorarrekord: 48,5 millionar kroner utbetalt i 2025

Norsk Forfattersentrums årsmelding for 2025 er sendt i trykken. I den kan du blant anna lese at 8 450 oppdrag i fjor resulterte i 48 568 897 kroner utbetalt til 892 forfattarar.

Alfred Fidjestøl og Gerd Brantenberg på Norsk Forfattersentrums debutanttreff i 2025. Foto: Espen Gees

Talet på oppdrag er noko redusert frå 2024, ned frå 8783. Ein stor del av nedgangen i talet på oppdrag, kan forklarast med ei endring i måten vi registrerer dei ulike oppdragstypane. Utbetalingar i kroner har auka med 6,1 %, opp frå 45 795 128 kroner i 2024.

2000 medlemmer

I tillegg til å formidle oppdrag, kjempar Norsk Forfattersentrum politisk for betre vilkår for forfattarane og oppdragsgivarane deira.

Vi arbeider også med å heve medlemmenes kompetanse. I 2025 gjennomførte vi blant anna fire ekstremt populære verksateder i litterær samtaleleiing, og medlemsseminaret «Kampen om oppmerksomheten», med fokus på kva medlemmene sjølv om gjere for å skaffe seg oppdrag. Vi arrangerte også eit digitalt medlemsmøte for forfattarar som skriv om naturtap og klimakrise med Sigri Sandberg som innleiar. Møtet har allereie ført til fleire nye foredrag i basen vår på forfattersentrum.no.

2025 vart dessutan året Norsk Forfattersentrum for første gong passerte 2000 medlemmer!

Samlar litteraturbransjen

I eit litteraturfelt der fleire aktørar vekslar mellom å samarbeide og stridast, forsøker Norsk Forfattersentrum å vere ei samlande kraft. I februar 2025 gjennomførte vi for første gong bransjeseminaret vårt BLU i Bergen, og i november følgde vi opp med ein nedskalert versjon i samanheng med utdelinga av Brageprisen i Oslo. Målet er å løfte satsninga enda eit hakk i 2026 ved å inkludere framsyningar av litterære produksjonar som testar ut nye formidlingsformer.

No items found.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.

Fleire nyheiter

Sjå alle nyheitene