Lukk søk
Sjølvsagt! er eit nynorsktiltak frå Norsk Forfattersentrum Vestlandet med mål om å løfte fram forfattarar som skriv på nynorsk for barn og unge.

I 2022 presenterte Kristin Ørjasæter ved Norsk Barnebokinstitutt fleire interessante tal om Noregs lovfesta fleirspråklegheit. Undersøkinga viste blant anna at av dei 1028 barne- og ungdomsbøkene som kom ut i 2022, var 970 (94,36 %) på bokmål og berre 58 (5,64 %) på nynorsk. I dei nyaste tala for 2023 har delen nynorske utgjevingar falle vidare – til berre 3,71 prosent.
Dette er urovekkjande for framtida til den språkdelte norske kulturen. Samstundes er den nynorske barne- og ungdomslitteraturen både levande og sterk. Ein større del av dei nynorske utgjevingane er original, ny norsk litteratur, samanlikna med bokmål. Kvaliteten er høg, og utgjevingane fortener langt større merksemd frå både litterære institusjonar og skuleverket på Vestlandet.
Norsk Forfattersentrum Vestlandet ønsker å lage eit seminar som løftar fram forfattarar som skriv på nynorsk for barn og unge, og gjere dei meir synlege for skular og litterære miljø i regionen. Programmet skal bidra til større medvit om nynorsken sine kår i ei stadig meir digital verd – og synleggjere kor viktig det er at barn og unge får tilgang til litteratur på nynorsk. Dette styrkjer både den lovfesta fleirspråklegheita og språkleg sjølvkjensle hos nynorskbrukarar i alle aldrar.
For Vestlandet er det spesielt viktig at barn og unge har god tilgang til litteratur på si eiga målform – i mange sjangrar, i original og i omsetjing, både digitalt og fysisk. Tilgang til litteratur på eige språk er eit grunnleggjande demokratisk prinsipp, og ekstra viktig i ei lita språkgruppe som den norske.
I seminaret vil vi både løfte fram årets aktuelle utgjevingar og legge til rette for kunnskapsrike samtalar mellom forskarar, fagfolk og forfattarar.
Planen er å arrangere seminaret både i Vestland og Rogaland, med støtte frå Bergen kommune, Vestland fylkeskommune og Rogaland fylkeskommune. Program, tid og stad blir kunngjort seinare. Som ein del av tiltaket blir det òg planlagt skulebesøk frå nynorske barne- og ungdomsbokforfattarar i begge fylka.

Designa og utvikla med Webflow av Norsk Forfattersentrum og We Made