Nynorskseminaret Sjølvsagt! i Bergen

Gratis seminar for lærarar, bibliotekarar og deg som arbeidar med litteratur for barn og unge

Nynorskseminaret Sjølvsagt! i Bergen

Norsk Forfattersentrum Vestlandet ønsker å lage eit seminar som løftar fram forfattarar som skriv på nynorsk for barn og unge, og gjere dei meir synlege for skular og litterære miljø i regionen. Programmet skal bidra til større medvit om nynorsken sine kår i ei stadig meir digital verd – og synleggjere kor viktig det er at barn og unge får tilgang til litteratur på nynorsk. Dette styrkjer både den lovfesta fleirspråklegheita og språkleg sjølvkjensle hos nynorskbrukarar i alle aldrar.

Program

11:10 – Kåseri ved Arnfinn Kolerud

11:30-12:30

Forfattarsamtale om forholdet mellom bilete og tekst i barne- og ungdomslitteraturen.

Med Synne Ytre Arne, forfattar annonserast om kort tid.

12:30-13:30

Lunsj

13:30-14:30

I seminarets siste programpost skal vi gå djupare inn kva for ein litteratur som gøymer seg bak dei dystre publiseringstala, men som likevel omfattar fleire av dei beste og mest kritikarroste titlane som er tilgjengeleg for barn og unge. Kva type litteratur skrivast for denne målgruppa, når den frem til målgruppa og er det nok bredde i sjangeruttrykk og tematikk? Med Arnfinn Kolerud og Ahmed Akef Khateeb

Stad: Auditoriet - Bergen offentlige bibliotek - Strømgaten 6, Bergen

Tid: Onsdag 13. mai kl 11:00-14:45

Pris: Gratis

Seminaret bir arrangert med støtte frå og i samarbeid med Bergen offentlige bibliotek, Bergen kommune og Vestland fylkeskommune

Påmelding

Påmeldingen er sendt.
Du vil få en bekreftelse på e-post om at vi har mottatt påmeldingen
Oops! Something went wrong while submitting the form.