Program
Start 11:00
11:10
Kåseri ved Tor Arve Røssland
11:30-12:30
Mange snakkar om at vi er inne i ei lesekrise, og skal ein tru ein nyleg rapport frå NBU kan ein også snakke om ei publiseringskrise. Berre 3,71 prosent av bøkene som blei gitt ut i 2023 for barn- og ungdom, var på nynorsk. Kvaliteten på desse bøkene er likevel usedvanleg høg. Kva les ungdommen i dag? Les dei i det heile? Og bør ein tenke annleis i formidlinga? Samtale om «lesekrisa», lesevanar og nynorskens framtid i dei stadig meir digitale lesevanane til barn og unge. Viss nynorsken tapar terreng i ei digital verd, kva kan vi gjere? Med Tor Arve Røssland og Svein Olav Langåker
12:30-12:40
Kortpresentasjon av Falturiltu ved Trond Onarheim
12:40-13:10
Lunsj
13:10-13:20
Kort presentasjon av Lesekonkurranse for barn- og unge i Time Kommune
13:30-14:30
I seminarets siste programpost skal vi gå djupare inn i kva for ein litteratur som gøymer seg bak dei dystre publiseringstala, men som likevel omfattar fleire av dei beste og mest kritikarroste titlane som er tilgjengeleg for barn og unge. Kva type litteratur vert skrive for denne målgruppa, når han frem og er det nok bredde i sjangeruttrykk og tematikk? Med Peter Strassegger, Ørjan Zazzera Johansen og Susanne Viste Bie.
Stad: Time bibliotek, Hetlandsgata 11, 4344 Bryne
Tid: Tysdag 21. april kl 11:00-14:45
Pris: Gratis
Påmelding
Seminaret er et samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Time Bibliotek.





