Den kulturelle spaserstokken

Det er verdifullt for eldre å møta profesjonelle kunstnarar. Styret i Norsk Forfattersentrum ber regjeringa om å trekka tilbake forslaget om å fjerna tilskotet til Den kulturelle spaserstokken.

Den kulturelle spaserstokken (DKSS) er ei nasjonal kultursatsing for å formidla profesjonell kunst og kultur til eldre. Det er viktig for eldre at dei har eit variert kulturtilbod som også kjem til dei som ikkje kan oppsøkja kulturen utan at det er lagt til rette for dei. Tilbodet omfattar arrangement der eldre møter både unge og vaksne, og det rommar program som passar for friske og spreke pensjonistar og program for alvorleg sjuke menneske. DKSS er eit tilbod som har blitt svært godt motteke over heile landet, og etterspurnaden er stor.

I forslaget til statsbudsjett for 2015 har regjeringa fremja forslag om å fjerna tilskotet til Den kulturelle spaserstokken. Dette inneber ei innskrenking av kulturtilbodet til eldre, og det er vanskeleg å forstå at ei regjering som talar varmt om eldreomsorg tar bort ein viktig del av omsorga. Det er verdifullt for eldre å møta profesjonelle kunstnarar og å få tilgang til eit breitt spekter av uttrykk, og mange forfattarar ser stor verdi i å møta eldre og formidla til dei. Det er å håpa at Stortinget hjelper regjeringa med å innsjå kva DKSS bidrar til i kunst- og kulturformidlinga, og at den trekker tilbake forslaget.

Styreleiar Per Olav Kaldestad
Norsk Forfattersentrum

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.