Dei Litterære Festspela 2019

Vi er stolte av å presentere Brit Bildøen som Festspeldiktar for Dei Litterære Festspela i 2019

Foto: Tove Breistein

I grunngjevinga står det mellom anna "Det er ikkje uvanleg å uttale Brit Bildøens fornamn som Britt. Men ingen har høyrt henne verken klage eller protestere på dette, og det kjem vel av at ho har eit slikt mildt og behageleg vesen, at ho er snill og lun og sjølvoppofrande i litteraturen og ytringsfridomens teneste. Då romanen Mitt milde vesen kom ut i 2006, avslørte Bildøen at dette var noko ho fekk høyre ofte, at ho hadde eit slikt mildt vesen. På spørsmål frå Klassekampens journalist om romanen var sjølvbiografisk, eventuelt ein reaksjon på dette, sa Brit Bildøen nei. Det var berre det at ho hadde fått høyre det så ofte, og at ho tenkte det var ei fin setning som kunne brukast som romantittel. Likevel slutta ho intervjuet med å vedgå at det kunne vere irriterande å stadig høyre at ho er så mild: ”– Sier du det til en mann, er det nesten snakk om en kastrering, ikke sant? Jeg vil ikke være den milde. Fra nå av skal jeg være uforutsigbar og umulig!”

Sjå heile grunngjevinga her

Brit Bildøen (f. 1962) er ein av våre fremste samtidsforfattarar. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay, og er også verksam som omsetjar. Ho er mellom anna Patti Smiths norske omsetjar. Bildøen sjølv er omsett til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, mellom anna P2-lyttaranes romanpris for Sju dagar i august (2014). For same roman vart ho nominert på langlista til Dublin Literary Award. Som essayist har Bildøen fått stor merksemd for Litterær salong (2009), der ho skarpt og underhaldande anbefaler 10 kvinnelege forfattarskap som har betydd mykje for henne. Med Sju dagar i august var ho den første norske forfattaren som skreiv skjønnlitterært om 22. juli. Haustens roman, Tre vegar til havet, som har bakgrunn i Bildøens eigen adopsjonsprosess, har hausta strålande meldingar frå eit samla kritikarkorps, og blir av mange omtalt som hennar beste roman hittil.

Dei Litterære Festspela vert arrangert i Bergen 23.-26. mai 2019

Sjå Samlaget si pressemelding her

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.