Ti nynorske lesetips for eldre barn

«Tid for ti» heiter Foreningen !les og Nynorsksenterets nasjonale leseaksjon for elevar på 7. trinn. Kvart år kan norske skular bestille klassesett av antologien med samme namn der utdrag frå ti gode bøker på nynorsk er samla.

Omslaga til dei ti Tid for ti-bøkene frå tidforti.no.

Under finn du årets titlar, opprinneleg publisert på tidforti.no. Bruk gjerne lista for å finne forfattarar som kan formidle for dei eldste barneskulebarna. Forfattarane som er medlem i Norsk Forfattersentrum er utheva i grønt og kan kontaktast via Forfatterkatalogen ved å trykke på namnet.

Meir om aksjonen og korleis du bestiller antologien til skulen din, finn du på tidforti.no!

Full bajas av Ingunn Thon og Maja Kjellstad Aanonsen (ill.), Samlaget 2023.

Forlaget om boka: Orion Sigerstad er perfekt. Så perfekt at han ikkje har brukt viskelêr i heile sitt liv, for han skriv aldri feil. Han anar ikkje kor rektors kontor er, for han har aldri oppført seg i nærleiken av dårleg. Og han spelar fløyte så perfekt at han kjem til å bli tidenes yngste elev ved Makelaus musikkonservatorium. Han må berre få vist det på den store konserten i morgon!

Men på konsertdagen vaknar Orion og er blitt heilt bajas. Når han skal seie pent god morgon til foreldra, brølar han i staden. Han skriv TISS som svar på matteoppgåva. Han kastar ball i ansiktet på gymlæraren. Og han spelar ikkje ein einaste riktig tone på fløyta.

Kva er det som går av han? Og går det an å fikse det i tide til den viktige konserten?

Trollmoll av Åshild Moldskred, Samlaget 2023

Forlaget om boka: Birk og mora flyttar frå byen til morfaren som bur på ei forblåst vestlandsøy. Birk saknar kompisane sine og gruer seg til eit kjedeleg liv på landet. Men snart begynner mystiske ting å skje: Soverommet til Birk luktar plutseleg rotna kjøt, lyden av ei sur fele høyrest frå hagen, og om natta er det som om nokon ser på han ...

Nabojenta Ada fortel om ei eldgammal legende om eit spøkelse som drep barn, eit Trollmoll. Men desse skal vere utrydda for lenge sidan. Kan det likevel vere eit slikt som heimsøker huset til bestefaren?

Birk må etter kvart innsjå at spøkelse som drep ved å synge, og mørk trolldom ikkje berre er skumle historier.

Og kva er det med Nila, jenta i klassen med den mørke stemma som er vakker som ei hulder og luktar av skog?

«Trollmoll» er ei sjarmerande og nifs forteljing med varme karakterar og iskalde spøkelse.

Jenny Fender av Heidi Marie Vestrheim, Gyldendal 2023

Forlaget om boka: Bandet er kaputt, ferien er kaputt, livet er kaputt. Signe er borte, og Jenny Fender er aleine igjen i bygda. Det er nesten så ho blir heilt deprimert.

Dessutan er den nye naboen kjempeirriterande, med rocka sveis og trommesett i kjellaren. Ho spradar rundt med det skeive smilet sitt og gjer Jenny heilt svimmel.

Dette blir verdas VERSTE sommar … eller?

Heidi Marie Vestrheim debuterer som forfattar med ei sjarmbombe av ei barnebok! Jenny Fender handlar om alt virvaret ein kan oppleve i overgangen mellom barndom og ungdom. Dette er ei forteljing om vennskap, rock og kjærleik.

Tusen elgar i garasjen av Sigmund Løvåsen og Hilde Hodnefjeld (ill.), Samlaget 2023

Forlaget om boka: Sprudlande dikt for barn og vaksne i alle aldrar.

Har du kinesisk jern i blodet? Er det tisset til Jesus du drikk? Er spyfluga glad i spy? Og har du eigentleg Europas største stortå? Dette er nokre av spørsmåla du får eller ikkje får svar på i denne diktsamlinga.

«Tusen elgar i garasjen» tar oss med på ei ferd med ramn og salamander, dinosaurar og flaggermus, rustne traktorar og maur i trusa som følgjesveinar.

Har du nokon gong ridd på ein daud elg gjennom skogen? Tenkte oss det.

Tarjei, 13 år av Anja Dahle Øverbye, Samlaget 2023

Forlaget om boka: Det viktigaste i livet for Tarjei er venner og gaming. Men kva skjer når mamma og pappa har bestemt seg for å skiljast?

Mamma flyttar etter kvart inn til den nye kjærasten sin. Men Tarjei vil heller vere hos pappa i det gamle huset. Nokre gonger må han likevel bu i det nye huset til mamma. Då søker han seg til den gamle leikehytta saman med bestevennen Sindre. Der dukkar også Aisha opp, som han så gjerne vil gå på epleslang med.

«Tarjei, 13 år» er ei oppvekstskildring om å vilje vere liten og stor på ein gong. Kan ikkje mamma berre la han vere i fred? Og kan ho ikkje forstå at det er no han hadde trunge både ho og pappa som mest?

Den siste krigen. Overleve 3 av Tor Arve Røssland og Nikolai Lockertsen (ill.), Samlaget 2023

Forlaget om boka: Etter at forskarar sleppte ut enorme mengder vulkansk oske på Jan Mayen i eit forsøk på å stoppe den globale oppvarminga, har det motsette skjedd: Ei ny istid har begynt. Snart vil det vere umogleg å bu på den nordlege halvkula. Saman med foreldra og nokre andre få utvalde flyktar Jamal og Eira med havforskingsskipet Bluenose mot sørlegare strøk. På øygruppa Makaronesia skal det framleis vere mogleg å bu, men også der trugar den skremmande iskanten med å sluke kvar einaste øy.

Americas rykker stadig nærmare Alliansen, og ein invasjon verkar uunngåeleg. Og ingen veit kva Den Kinesiske Staten planlegg. Kven har den mektigaste flåten? Kven kjem til å vinne krigen?

Er det i det heile tatt mogleg for menneskeslekt å overleve?

Den siste krigen er siste boka i spenningsserien «Overleve», som tar deg med til ei nær framtid, der menneska er utryddingstruga.

Historia om Erling Braut Haaland av Ørjan Zazzerra Johansen og Thomas Kirkeng (ill.), Samlaget 2023

Forlaget om boka: Erling Braut Haaland er kanskje den mest kjente nordmannen i verda akkurat no. Ettersom han dundra inn mål etter mål for det norske landslaget og den tyske storklubben Borussia Dortmund, ville alle dei største klubbane i verda kjøpa han. Men Erling valde til slutt Manchester City.

Noreg har kanskje aldri fostra opp eit større talent. Korleis blei ein spedbygd gut frå vesle Bryne eit av dei største fenomena i den største idretten på verdsbasis?

I denne rikt illustrerte boka får du oppturar, nedturar og den ustoppelege viljen til å bli betre. Boka kan inspirera alle fotballinteresserte som drøymer om å bli fotballproff.

Du veit ingenting av Sigrid Agnethe Hansen, Samlaget 2023

Forlaget om boka: Tina er 16 år og går siste året på ungdomsskulen. Ho har ei veslesøster, Erika, som ikkje er som andre småsøsken. Ho kan plutseleg gå i vranglås og krev mykje av tida og kreftene til foreldra. Tina skulle ønske ho hadde ei søster som ikkje laga scenar for den minste ting. Men når nokon ein dag seier noko stygt om Erika, svartnar det for Tina. For om ikkje ho står opp for Erika, kven skal gjere det då?

Dessutan har Tina eit anna problem. Medan alle rundt ho begynner å forelske seg, kjenner ikkje Tina noko, verken for gutar eller jenter. Når bestevenninna Anna plutseleg forelskar seg hovudstups i ein gut, blir Tina ståande heilt einsam att.

Du veit ingenting er ein lauseleg oppfølgjar til den kritikarroste ungdomsboka Ser du dette? frå 2020 og er ei sår, humoristisk og original forteljing om å ikkje passe heilt inn, om vennskap, om mot og om søskenkjærleik.

Granittgutta – Tiktok-banden av Svein Jarle Åbrekk og Trond Kulterud (ill.), Fonna forlag 2023

Forlaget om boka: Kameratane Frank og Kristoffer bur i Granittvegen og går i same klasse. Dei må starte ferien med å vera med faren til Frank på ein konferanse og reknar med at det blir ganske kjedeleg.  Men så forsvinn ein ring frå ei vikingutstilling på hotellet. Når det dukkar opp spor på ein mystisk TikTok-konto, kastar Granittgutta seg over mysteriet.

Pepar & Gulrot av David Revoy, omsett av Arild Torvund Olsen og Karl Ove Hufthammer, Outland forlag 2023

Forlaget om boka: Bli med den unge heksa Pepar og katten hennar Gulrot ut på eventyr! Gjennom korte forteljingar følgjer vi Pepar og Gulrot sine liv i ei magisk verd der dei må handtere eliksirkonkurransar, snobbete rivalar, mislykka bursdagsfestar, og ein kvardag omringa av magiske vesen.

Fleire nyheiter

Sjå alle nyheitene