Det er i dokumentet Regjeringens plan for Norge 2025–2029, regjeringa lover at dei vil lansere ein ny leselyststrategi for vaksne. Statsminister Jonas Gahr Støre presenterte strategidokumentet på ein pressekonferanse mandag morgon.
Dagleg leiar i Norsk Forfattersentrum, Ingvild Christine Herzog, jubla høgt då ho fekk vite om planane. Herzog har tidlegare uttalt at det er «ufattelig at vi skal ha en lesestrategi som ikke omfatter den voksne befolkningen».
Vil spele ei aktiv rolle
Norsk Forfattersentrum har saman med samarbeidsorganisasjonane våre på litteraturfeltet allereie sendt konkrete råd til Kulturdepartementet om kva ei leseesatsing for vaksne bør innehalde. Forfattersentrum har også i statsbudsjettsøknaden vår bede om ekstra midlar til lesetiltak retta mot vaksne. Der skriv vi blant anna:
Å inkludere heile befolkninga i et leseløft vil gjeva ein enorm samfunnsgevinst. Norsk Forfattersentrum vil med våre 2000 medlemmar bidra til eit leseløft for heile befolkninga.
Svak leseevne medverkar til utanforskap og er ein trussel mot helse, eigenmakt og demokrati. Dei som deltek i kulturelle aktivitetar har lågare risiko for tidleg død (KS/HUNT-undersøkinga). Ifølgje PIAAC2 les 15 % av den norske vaksne befolkninga på nivå 1 eller lågare, dei strevar med å forstå sjølv enkle tekstar. For dei utanfor arbeidsliv og skule er talet 24 %.
Det bør leggjast ned ein omfattande innsats for å auke leseevnene for vaksne. Det betrar levevilkåra og livskvaliteten, og aukar inkluderinga i arbeidsliv og samfunn.
Medlemmane våre bør brukast som ein ressurs i eit leseløft. Vi er den einaste litterære organisasjonen med kontor i alle fem landsdelar, og har såleis ein unik kunnskap om og nærleik til forfattarar, arrangørar og lesarar i heile landet. Vi kan arbeide effektivt og målretta.
Vi vil bruke midlane til å utvikle effektive tiltak for å betre leseevna i heile befolkninga.
Vil samarbeide med NAV
Blant dei konkrete tiltaka vi har spelt inn, er lese– og skrivekurs i samarbeid med NAV. Kursa er tenkt å inngå som ein del av tilbodet til dei lokale NAV-kontora. Vi vil byggje kursa på erfaringar frå formidlingsprosjekta våre og kjennskap til samfunnsinstitusjonar og forfattarar i heile landet.
Spørsmål til saken
Kontakt:
Atle Berge







