Øyvind Rimbereid er Festspilldikter 2015

Øyvind Rimbereid er Festspilldikter 2015

Foto: Kristian Jacobsen/Morgenbladet
Foto: Kristian Jacobsen/Morgenbladet[/caption]

Ei trådreise er ei assosiasjonsrekke som blir til når ein beveger seg rundt på ein stad, lar seg trigge av observasjonar og minner, deler kunnskap og bilete, skapar ein samanheng, følgjer ein tråd…

Da Rimbereid ble nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2012 skrev Erik Bjerck Hagen i begrunnelsen:

Rimbereid er ikke bare den mest nyskapende norske poet for tiden, men også den mest konkrete, den som tydeligst dikter om hele samfunnet, hele den sosiale tilværelse.

Øyvind Rimbereid - Forfatterkatalogen

Øyvind Rimbereid - Gyldendal

TRÅDREISER STAVANGER - BERGEN

Ei trådreise er ei assosiasjonsrekke som blir til når ein beveger seg rundt på ein stad, lar seg trigge av observasjonar og minner, deler kunnskap og bilete, skapar ein samanheng, følgjer ein tråd. Er ei "trådreise" eit essay? Eller er det eit dikt? Trådreiser er namnet på Øyvind Rimbereids femte bok og andre diktsamling, utgitt i 2001, men det kunne vore namnet på fleire av dei andre diktsamlingane hans, eller på essaysamlinga frå 2006, Hvorfor ensomt leve? Kva for ein av dei to sjangrane har størst potensiale for å setje dagsorden, endre verda, bli tatt på alvor?

I eit essay om Georg Johannesens poesi og essayistikk, viser Rimbereid til at Johannesen var misnøgd med at han med sine dikt ikkje blei tatt nok på alvor som ein sakleg meiningsberar i si tid, og Rimbereid spør i essayet om poesien eksisterer berre som omsorg - "som en poetisk minimumsomsorg for verdens vindskeive kropper?"

I 2000 skreiv Øyvind Rimbereid om Stavanger i diktsamlinga Seine topografiar. Byen som har alt den treng, og som står og ventar på korleis forvandlinga skal kome til uttrykk, etter at Jesus "sklei i oljå". Både byen Stavanger og det å forstå si samtid er tilbakevendande motiv for Øyvind Rimbereids poesi og essayistikk. Korleis skal vi forstå oss sjølve i dag, med ein slik rikdom som så tydeleg har vist seg i oljebyen Stavanger?

Ein annan tråd å nøste i, er Rimbereids refleksjonar kring å høyre til i eit samfunn. Er det mogeleg å velje isolasjon? "Den døde har ingen ord. Ikke engang for sitt ingenting," skriv han i essaysamlinga Hvorfor ensomt leve? Dyr kan heller ikkje sjå seg sjølv utanfrå, og når vi møter robotar i Solaris Korrigert, får vi høyre at dei er frie.

"DA dei lucki er.

ONLI dei veit det ne ..."

Ein romantisk idé om å isolere seg frå samfunnstilhøyrsle og –ansvar, kan aldri bli det same som dyr og robotars uvitande eksistens. Rimbereid viser i skrifta si at medverknad til samfunnet er viktig for å oppretthalde humanisme, medverknad både som omsorg på individnivå, som fysisk og intellektuelt arbeid og som bidrag til vår felles oppfatting av kven vi er og skal vere som menneske.

Diktsamlingane til Øyvind Rimbereid er demonstrasjonar av at tankar og refleksjonar høyrer heime i poesien, stadbunde med namn, dialekt og konstruerte fortids- og framtidsspråk. Rimbereid er den einaste samtidsforfattaren som fekk eitt av sine verk med på lista over dei 25 viktigaste bøkene i norsk historie. Han har ei rekke nominasjonar og prisar, og er den einaste poeten som har fått den høgthengande Kritikerprisen to gongar. Tekstane hans har følgt trådar ut av sitt eige format, mellom anna inn i Nathionalteaterets oppsetting av Solaris Korrigert i 2010 og samarbeid med Xploding plastix om eit musikalsk uttrykk til same diktsamling.

Ein annan tråd å følgje er Øyvind Rimbereid sitt litterære arbeid med unge skrivetalent. Han var lærar og undervisningsleiar på Skrivekunstakademiet i Hordaland i ei årrekkje, der han losa ei rekke unge skribentar på litterær veg. Frå nokre av desse er det lett å nøste trådar tilbake til Øyvind Rimbereid som inspirasjonskjelde.

I dag bur Øyvind Rimbereid i Stavanger. Det er ei stor glede å invitere han tilbake til Bergen, no som Festspeldiktar.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.