Nominér dine kandidatar til NTNUs litteraturpris 2026

I år skal NTNUs litteraturpris gå til ei sakprosabok. Nytt av året er at du kan nominere kandidatar også frå Innlandet og Møre og Romsdal, då NTNU har campus både i Gjøvik og Ålesund.

Fjorårets vinnar Marte Huke. Foto: Marthe Vendela Kant/Litteraturhuset i Trondheim

Frist for å nominere: Søndag 10. mai.

Kriterier

For å vere kvalifisert til vurdering gjeld følgjande kriterium:

- Forfattaren må ha tilknytning til Trøndelag, Innlandet eller Møre og Romsdal

- Boka må vere eit norspråklig sakprosaverk og må vere skrive på norsk dei siste to åra, 2024 eller 2025.

- Boka må vende seg til eit allment publikum

Omsatt litteratur eller antologiinnslag vil ikkje bli vurderte.  

Om NTNUs litteraturpris

Prisen er på 20 000 NOK og delast ut for tiande gong i år.

"Formålet med NTNUs litteraturpris er å anerkjenne eit norskspråkleg skjønnlitterært eller faglitterært verk skrive av ein nolevande forfattar med tilknytning til Trøndelag, Innlandet eller Møre og Romsdal. Den er òg meint å skulle stimulere interessa for litteratur, så vel skjønnlitterær som faglitterær, og synleggjere og utvikle litterær verksemd knytt til regionen vår. Verket må vere gitt ut dei to siste åra."

Jury for NTNUs litteraturpris 2026:

Siri Aurland Bredesen

Aja Bugge

Herman Nesse

Marthe Vendela Kant

Arve Hjelseth

Ida Kørner

Karolina Drozdowska

For ytterlegare informasjon, ta kontakt med juryleiar

Karolina Drozdowska | karolina.drozdowska@ntnu.no

Kven vil du nominere?

Takk for forslaget.
Du vil få en kopi på e-post til e-postadressen du skrev inn.
Oops! Something went wrong while submitting the form.

No items found.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.