Marte Blikstad-Balas skal leie lesekommisjonen

– Vi er glade for satsinga, og for at regjeringa har vald ein leiar litteraturfeltet har spelt inn, er dagleg leiar i Norsk Forfattersentrum Ingvild Christine Herzogs første kommentar.

Kunnskapsministeren i prat med Marte Blikstad-Balas under DNVAs årsmøte i mai. Foto: Thomas B Eckhoff / DNVA

«Regjeringen setter ned en lesekommisjon som skal bidra til å løfte barn og unges leseferdigheter og leselyst. Kommisjonen skal gi tydelige anbefalinger om hvordan barnehager og skoler bør jobbe med lesing.» Slik presenterer regjeringa den nye lesekommisjonen i ei pressemelding sendt ut torsdag morgon.

I pressemeldinga kjem det også fram at anbefalinga frå lesekommisjonen ikkje berre skal inkludere barnehagar og skular, men også involvere foreldre og føresette:

– Å få fleire barn og unge til å lese er ikkje eit ansvar vi berre kan overlate til barnehagen eller skolen. Her må vi foreldre også bidra. Mange synes sikkert det er vanskeleg å vite kva som fungerer best. Får me konkrete råd, vil det vere ein stor fordel for oss foreldre, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

Veronica Salinas er forfattar og forskar ved Norsk barnebokinstitutt, og med i rejgeringa sin lesekommisjon. Foto: Kristin Aafløy Opdan
DETTE ER LESEKOMMISJONEN

Marte Blikstad-Balas, professor ved Institutt for lærerutdanning og skoleforskning, UiO

Arne Johannes Aasen, senterleder ved Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforskning, NTNU

Terje Eide, rektor ved Fiksdal Friskule

Bjarte Furnes, førsteamanuensis i spesialpedagogikk ved Institutt for pedagogikk, UiB

Karianne Megard Grønli, postdoktor ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforskning, UiS

Line H. Hjellup, lærer og skolebibliotekar ved Spangereid skole

Trond Johnsen, spesialrådgiver ved Lillehammer kommune

Alexander Øverås Karlsen, avdelingsleder og norsklektor ved Rosenborg ungdomsskole

Veslemøy Rydland, professor ved Institutt for pedagogikk, UiO

Veronica Salinas, forfatter og forsker ved Norsk barnebokinstitutt

Annette Dorthea Steinmo, leseløftlærer ved Hana barneskole

Arne Svingen, forfatter

Marianne Texmo, lektor ved Bodin videregående skole

LESE?

Dagleg leiar for Norsk Forfattersentrum, Ingvild Christine Herzog. Foto: Lillian Hjellum

Norsk Forfattersentrum har saman med dei viktigaste samarbeidsorganisasjonane våre, sendt inn forlsag til kven som burde sitje i lesekommisjonen, og korleis kommisjonen burde vere utforma. To erfarne forfattarar, formidlarar og medlemmer av Norsk Forfattersentrum har fått plass i kommisjonen: Veronica Salinas og Arne Svingen. Men kor har det blitt av Stiftelsen LESE?

– Det er tydeleg at det er utdanningsministeren som har vore i førarsetet her, kommenterer Ingvild Christne Herzog. – Stiftelsen LESE burde til dømes ha ein heilt sjølvsagt plass i ein kommisjon som skal gi leseråd. Men igjen, vi er glade for satsinga, og for at regjeringa har vald ein leiar litteraturfeltet har spelt inn, og som sjølv er forfattar og medlem i Norsk Forfattersentrum. Og så gler vi oss til den lova satsinga på vaksne og lesing!

Lesekommisjonen skal levere sine anbefalingar til Kunnskapsdepartementet innan utgangen av 2026.

Heile mandatet til kommisjonen, kan du lese her.

Spørsmål til saken

Kontakt:

Atle Berge