Litteraturfeltet på stortingsbesøk

Bak kvar bokutgiving står eit kretsløp av menneske, kompetanse og politikk. Svekker Stortinget eitt tannhjul, går heile maskina saktare. Det var bodskapen då eit samla litteraturfelt møtte Familie- og kulturkomiteen for å gi ei innføring i det litterære kretsløpet.

Representantar frå ei rekke litterære organisasjonar samla utanfor Stortinget etter møtet med Familie- og kulturkomiteen. Foto: Kristine Isaksen, NFFO

Dagleg leiar for Norsk Forfattersentrum, Ingvild Chrstine Herzog, snakkar til Familie- og kulturkomiteen.

Norsk Forfattersentrum var sjølvsagt representert då eit samla litteraturfelt møtte den relativt ferske Familie- og kulturkomiteen for å gi dei innføring i dei ulike organisasjonane og vilkåra til norsk litteratur. Dagleg leiar Ingvild Christine Herzog presenterte og representerte organisasjonen vår, og fortalde komitemedlemmene korleis litteraturformidlinga i Den kulturelle skolesekken verkar.

BMI-S

I tillegg til Norsk Forfattersentrum, var Bokhandlerforeningen, Den norske Forfatterforening, Den Norske Forleggerforening, Litteraturhuset i Oslo, Norske barne- og ungdomsbokforfattere, Norsk faglitterære forfatter- og oversetterforening, Norsk Oversetterforening og Stifelsen LESE representert. Norsk bibliotekforening har også vore med i førebuingsarbeidet, slik at alle ledd i det litterære kreittsløpet vart skildra for politikarane.

Ein ny hugseregler vart funne opp: BMI-S. Ei forkorting som står for dei fire viktigaste pilarane i det norske litterære systemet: Boklova, momsfritaket, innkjøpsordninga og Statens kunstnarstipend.

Familie- og kulturkomitteen fekk dessutan med seg ei «hugseliste» med viktige politiske poeng, oppsummert slik:

Hele kretsløpet henger sammen

Stipend → manus → forlag → bokhandel/bibliotek → litteraturhus/festival → vederlag → ny skrivetid

• Kutter Stortinget stipendene, får færre forfattere tid til å skrive.

• Underfinansieres innkjøpsordningene, blir det utgitt færre bøker og bibliotekene mister aktuelle bøker.

• Uten forutsigbare rammevilkår og støtte til formidlingsarenaer forsvinner hundrevis av oppdrag og titusenvis av publikumsmøter.

Vil dere ha en lesende befolkning og et levende norsk språk? Da må vi unngå moms på det frie ord, beholde bokloven, styrke stipender og innkjøpsordninger, og finansiere formidlingen til folket, - i bibliotek, på litteraturhus og festivaler!
No items found.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.

Fleire nyheiter

Sjå alle nyheitene