Lesetimen

Torsdag 8. september går den internasjonale dagen for lese- og skriveferdigheiter av stabelen. Saman med ei rekke andre organisasjonar markerer vi dagen med ein lesetime.

Foto: Guy Basabose, Unsplash

Det var den finske organisasjonen Barn- och ungdomsstiftelsen som først sette i gang kampanjen Read Hour. Foreningen !les tok kampanjen til Norge i 2021. Markeringa er enkel og grei: Sett av ein time frå kl. 19 torsdag 8. september til å lese, aleine eller saman med andre. Inspirer gjerne også andre til å gjere det same i sosiale medier med #lesetimen og #readhour.

I Trondheim inviterer

Foreninga Samiske Forfattere / Searvi sámi girječállide, Litteratur for inkludering ved Litteraturhuset i Trondheim og Norsk Forfattersentrum Midt-Norge til lesetime i Lademoparken kl. 19.00. Deltakarane vil lese og presentere eit bredt utval litteratur som kretsar om temaet «mangfold og utaforskap».

Leselunsj

Gå heller ikkje glipp av Leser søker bok sin leselunsj på Litteraturhuset i Oslo. Her vil forfattarar og skodespelarar lese frå utvalde bøker frå kl. 12. Du kan blant anna høyre Jon Ewo lese frå 9. april 1940 og 8. mai 1945, Fatemeh Ekhtesari frå den kommande diktsamlinga Hun er ikke kvinne, og Brynjulf Jung Tjønn frå boka han vann P2-lyttaranes romanpris med: Kvar dag skal vi vere så modige.