Inger Elisabeth Hansen (f. 1950) debuterte med diktsamlinga Det er NÅ det er like før i 1976 og har sidan gjeve ut 15 eigne bøker. Diktsamlingane er grunnfundamentet i forfattarskapen, men desse er også akkompagnerte av essay, prosa og ei lang rekkje gjendiktingar.
Form og stil varierer hos Hansen, frå fjell- og bølgjeliknande figurdikt til korte regelmessige strofer, frå prosaskildringar til songleg lyrikk. Allereie i fyrsteboka Det er NÅ det er like før, er Hansen ein politisk poet med dikt om sult og fattigdom («Sultne sanger»). I dei seinare åra er ho blitt knytt til den økologiske vendinga i poesien, ikkje minst på grunn av den kritikarroste boka Å resirkulere lengselen, avrenning foregår (2015). Dikta til Hansen freistar å skjerpa lesarens blikk og syner omsorg for det og dei som er trua, både menneske og dyreartar.
– Inger Elisabeth Hansen er å sjå på som ein av våre fremste og mest særprega lyrikarar. Det er heilt på sin plass at ho no får si diktartavle på Diktarstien på Utne, seier Jorid Lekve Eide, museumsleiar ved Haugesenteret.
Sjå meir om Diktartavla og Diktarstien på Haugesenteret sine heimesider
Spørsmål til saken
Kontakt:
Unni Torgersen








