Trøndelag fylkesbibliotek skriv:
DKS i Innlandet, Møre og Romsdal, Trondheim og Trøndelag inviterer til ei samling for utvikling av litteraturproduksjonar for Den kulturelle skolesekken. Deltakarane må sette av tre heile arbeidsdagar, 27.-29. april 2026. Desse tre dagane skal vi jobbe saman i Trondheim. Deltakarane vil få hjelp til å spisse idear, velje metodar, utvikle formidlinga, beskrive prosjekta og komme langt på veg mot ein ferdig DKS-produksjon. I Littlab blir du del av ein utviklingsprosess der du vekslar mellom sjølvstendig arbeid og arbeid i gruppe, der du både får og gir tilbakemeldingar. Mot slutten av samlinga testar vi heile eller deler av produksjonane på elevar i aktuelle aldersgrupper.
Vi ønsker søknader frå både forfattarar, formidlarar og andre utøvarar. Litteraturproduksjonar kan ta utgangspunkt i bøker, forfattarskap, forteljingar, illustrasjonar, bildebøker og teikneseriar, eller kanskje noko anna? Det kan vere både din eigen eller andre sin litteratur. Og både helt nye idéar eller produksjonar de vil vidareutvikle. Formidlinga kan ha mange former, også på kryss av andre kunstformer.
– Målet med LittLab er å utvikle produksjonar forfattarane kan melde inn som forslag til Den kulturelle skolesekken hausten 2026, forklarar fagansvarleg for barn og unge og DKS i Norsk Forfattersentrum, Ida Endestad. – Forfattersentrum har vore til stades på Littlab fleire stader i landet, og anbefalar på det sterkaste medlemmer som vil på turné i DKS om å søke!
Søknadsfristen er 1. mars 2026.
Spørsmål til saken
Kontakt:
Ida Endestad





