Kort og godt med Pedro Carmona-Alvarez

I Kort og godt får vi opplesingar frå fire forfattarar. Først ut som hovudgjest for serien no i haust er Pedro Carmona-Alvarez. Han har invitert forfattarkollegaer til å lese opp eigne tekstar, som på eit vis eller eit anna kan koplast til hans sjølvvalde tema. Kva dette er og kven gjestane er, får ein vite i august. Følg med!

Kort og godt med Pedro Carmona-Alvarez

Foto: Eva Lene Gilje Østensen

Velkommen til Kort og godt, ei serie arrangement med opplesingar med varierande tematikk og gjestar. Kvart arrangement har ein hovudgjest som inviterer tre forfattarkollegaer til å lese opp noko frå sine forfattarskap. Hovudgjesten vel seg òg eit tema, som alle saman har i bakhovudet då dei vel tekst til opplesing. Forfattar, poet, musikar og altmogleg-mann Pedro Carmona-Alvarez er kveldens hovudgjest. Kva slags tema han har valt seg og kven av hans forfattarkollegaer som kjem for å lese vil først bli kjent i august. Det vil uansett bli opplesingar frå alle fire forfattarane. På kva slags måte tekstane deira kastar lys over temaet, gjenstår å sjå.

Når: Torsdag 24. september kl. 19.00

Kvar: Byrommet, Kong Oscarsgate 24-26, Bergen sentrum

Billettar: "Betal det du kan" - fra kr 50,-

Pedro Carmona-Alvarez debuterte med diktsamlinga Helter i 1997, og har siden utgitt romaner, dikt og essay. Carmona-Alvarez har mottatt ei rekke priser, mellom anna Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Kritikerprisen, Triztan Vindtorn poesipris og Riksmålsprisen. Bøkene hans er omsett til ei rekke språk. I august kjem siste bind, Den siste valsen, i trilogien om Marita Richards, som byrja med romanen Og været skiftet og det ble sommer og så videre fra 2012.

Kort og godt er eit samarbeid mellom Det Vestnorske Teateret og Norsk Forfattersentrum Vestlandet, og er støtta av Bergen kommune og Forfattersentrums medlemsfond. I haust skal vi ha to eller tre slike arrangement som set fokus på ulike vestlandsforfattarar sine verk. Neste hovudgjest er Hilde K. Kvalvaag i oktober. Hurra!

Byrommet er vår nye medarrangør! Arrangementene våre finn stad i kafeen, der du kan kjøpe deg mat og drikke (øl/vin/mineralvatn).