Minikurs om den kulturelle skulesekken (DKS) for sakprosaforfattarar

I skribentøkonomien er formidlingsoppdrag eit viktig element. Har du ein formidlar i magen, og tema du vil snakke om for barn og unge?

Minikurs om den kulturelle skulesekken (DKS) for sakprosaforfattarar

Sakrposaformidling for barn på Litteraturhuset i Oslo. Foto: Aslaug Gaundal/Litteraturhuset

Arrangementet er eit samarbeid mellom Kulturtanken, NFFO og Norsk Forfattersentrum, og finn stad i NFFOs lokaler, Uranienborgveien 2 i Oslo (Storsalen i 2. etg) 3. september 18:00–20:00.

Du får både ein smakebete på ein litterær produksjon, og lære om korleis du og bøkene dine kan komme seg inn i den kulturelle skulesekken.

Både forfattarar og omsetjarar, er velkommen, også medlemmer av Norsk Forfattersentrum som ikkje medlem i NFFO.

Korleis få oppdrag i DKS?

Fristen for å søkje Kulturtanken om oppdrag i skulen, er 1. oktober kl. 13. Denne kvelden får du ei innføring i korleis søkje om oppdrag og lære kva ein litterær produksjon er for noko. Det blir samtale mellom sakprosaforfattar Reidar Müller, som har mykje erfaring med å formidle til barn og unge i skulen, og Håvard Nervik, fagansvarleg for litteratur i den kulturelle skulesekken i Innlandet.

Det blir også ein smakebete på Line Halsnes sin nyaste litteraturproduksjon, Tøffe dyr, som ho turnerer med på skular i Akershus nett no. Korleis teikne og skrive SANT? Og korleis skaffe seg faktakunnskap? Målet er at elevane skal oppleve ein litt skummel og morosam naturfagstime.

Påmelding

Medlemmer av NFFO, kan melde seg på via medlemsportalen deira. Er du ikkje medlem i NFFO, men ønsker å melde deg på, gjer du det til arrangement@nffo.no.

OBS! Det vil ikkje bli gjort opptak av kurset. Kun fysisk deltaking.

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa