Lukk søk

Liste over bokutgivelser kommer her.

Karikaturar i spegel med hol er ei samling full av vilje, leik og nysgjerrigheit. Med både presisjon og omtanke viser Einar Økland fram det kvardagslege for oss på ein ny måte. Her er fascinasjon for stort og smått, heilt ned til det minste punktumet. Dikta vekslar mellom konstateringar og spørsmål og skapar slik eit dynamisk spel. Vi møter eit blikk som kan sprette att og fram i møte med seg sjølv, men like gjerne forsvinne innover i det ukjende, i mørket og søvnen.
ELSKAREN
Ho var open
som eit kolon
då vi møttest.
Eg blei borte
på begge sider av henne

I Forfattarkatalogen finn du over 1800 forfattarar som tilbyr foredrag, opplesingar, bokbad, skrivekurs og mykje meir. Vi hjelper deg gjerne med å finne rett forfattar til oppdraget ditt.

Designa og utvikla med Webflow av Norsk Forfattersentrum og We Made